Hopp til innhold

Fem tekno-prosjekt skal gje deg ein betre alderdom

SKEI (NRK): Velferdsteknologi er eit framand omgrep for mange. Men akkurat no er det sett i verk fleire prosjekt som skal gje deg ein verdig alderdom og spare samfunnet for store pengar.

Smarthus

TEKNOLOGISK ALDERDOM: Ny teknologi blir teken i bruk for å sikre ein tryggare og betre alderdom. Illustrasjonsfotoet viser smarthus-teknologi som mellom anna kan hjelpe demente.

Foto: Norsk Teknologi

Menneske lever lenger i dag enn tidlegare og dei eldre vil utgjere ein stadig større del av befolkninga, fordi vi føder færre ungar. Då blir det færre yngre i arbeidsfør alder som kan ta seg av dei eldre.

Det er eit problem samfunnet må finne ei løysing på og nettopp det var målet til gjengen som var samla på julekonferansen til IT-forum på Skei i går.

Ivar Petter Grøtte og Geir Henning Nore

PRESENTERTE PROSJEKT: I Sogn og Fjordane pågår det fleire prosjekt som ser på korleis teknologi kan brukast for å gjere kvardagen enklare og tryggare for eldre. Her er Geir Henning Nore, dagleg leiar i INTIN og Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking i diskusjon.

Foto: Eirik Hildal / NRK

Her vart ei rekkje prosjekt om velferdsteknologi presenterte. Blant dei var nokre som både tek sikte på å gjere eldre og sjuke i stand til å ta vare på seg sjølv, men som òg skal redusere behovet for helsepersonell og slik spare samfunnet for store pengar.

Alle prosjekta er ein del av eitt breitt samarbeid mellom alle kommunane i fylket, leia av ei prosjektgruppe med folk frå kommunar, vidaregåande skular og Høgskulen, NAV, Fylkeslegen og Vestlandsforsking.

1. Smarte hus

Dei fire kommunane Eid, Stryn, Jølster og Sogndal deltek i prosjektet, som heiter «ressursgruppe for kommunal utbygging». Dei skal sjå på bruk av ny teknologi når kommunane skal byggje ut omsorgsbustader og andre bustader.

– Dette er teknologi som til dømes varslar om du fell ut av senga, eller om du går ut av senga og ikkje kjem tilbake innan ein viss periode. Reiser du ut av huset mitt på natta og ikkje kjem tilbake, så går det ein alarm. Skal du ha ei viss mengde medisinar i løpet av ein dag, kan ein sensor følgje med på at du gjer det rett. Det kan også vere sensorar som sørger for riktig nivå av lys i huset. Men utover det vil folk kunne klare seg sjølv. Du sparar arbeid, men sikrar at det som skal skje, det skjer, seier Ivar Petter Grøtte frå Vestlandsforsking.

2. Tryggleikspakkar

To kommunar, Jølster og Årdal, deltek.

– Mange kjenner no til tryggleiksalarmar. Det er jo ein enkel knapp du trykkjer på viss du har behov for hjelp eller kontakt. Men dette vil vere å gjere meir ut av det, til dømes ved å automatisere døralarmar eller sengealarmar. Vi skal teste ut korleis dette kan gjerast i praksis, slik at det fungerer på ein enkel og god måte, seier Grøtte.

3. Eigenmedisinering

Gloppen kommune deltek.

– Dette går på tilgang til så mange piller du skal ha på ein dag og kva tid du skal ha dei. Då er det ein eigen liten boks som opnar ei luke og gjer medisinen tilgjengeleg. Viss medisinen blir teken er alt fint, og viss han ikkje blir teken går ein alarm og nokon må følgje opp. Det betyr at i staden for at helsepersonell må reise ut og gje medisin fleire gonger for dagen, kan du reise ut berre når medisinen ikkje blir teken, seier Grøtte.

4. Sykkelaktivisering

Vik kommune deltek.

– Det er ein artig sak. Det er ein idé som eigentleg starta i Gaular, men som òg har vore testa ut i Flora. Vi lagar ein video ute der vi bevegar oss rundt i lokalsamfunnet, så koplar vi det til at ein person kan sitje på ein ergometersykkel og følgje videoen. Då kan ein sykle rundt i lokalsamfunnet og følgje ei løype. Flora gjorde eit opptak i 17. mai-toget. Dette har vist seg å vere veldig artig og skape aktivitet, og folk byrjar nesten å konkurrere om kor fort dei sykla løypa i dag, seier Grøtte.

5. E-helse

PS: Dette er ikkje del av prosjekta til kommunane og strengt tatt heller ikkje eit eige prosjekt. Men, det er ein teknologisk «dings» som kan vise seg svært viktig både i akutte situasjonar og for å oppdage helseproblem tidleg.

– E-helse er ein sensor som ligg under madrassen og som vil kunne observere pasienten: det kjem ein logg som fortel om pustemønster og puls. Det kan gje ei slags føre-var varsling, der vi får beskjed tidleg om pasientar som treng hjelp. Dette er eit produkt du kan handle allereie i dag, både av private og innan velferdstenester og helsetenester, seier dagleg leiar i INTIN, Geir Henning Nore.