Hopp til innhold

Etterlyser to køyretøy etter dødsulukke

Tre personar omkom etter ein kraftig frontkollisjon på E39 gjennom Våtedalen mellom Jølster og Gloppen. Ein mann (49) og ein gut (9) er moderat skadd.

Tre personar omkom i trafikkulukka på E39 i Våtedalen i Jølster.

SJÅ VIDEO: To bilar med til saman fem personar var involvert i trafikkulukka i Våtedalen i Jølster. (Foto/redigering: Runar Sandnes)

Politiet stadfestar at tre personar omkom i den kraftige frontkollisjon på E39 i Jølster. Det var fem personar involvert i ulukka. AMK ved Førde sentralsjukehus opplyser at ein 49 år gamal mann og ein ni år gamal gut får behandling ved intensivavdelinga etter ulukka.

Politiet etterlyser førarane av to køyretøy som har viktige vitneopplysningar i samband med dødsulukka. Dei ønskjer ikkje å utdjupe dette nærare av omsyn til etterforskinga, men ber om at desse tek kontakt.

– Det er på bakgrunn av opplysningar ute på staden som tilseier at dei kan ha sett ein del som kan vere av interesse for politiet, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Trond Hatlenes.

Like før klokka 20.00 hadde politiet framleis ikkje fått kontakt med førarane av dei to bilane.

Etablerer kriseteam

Lang kø på ulukkesstaden i Våtedalen.

LANG KØ: Statens vegvesen opplyser at dei håpar å kunne sleppe trafikk forbi på ulukkesstaden i 18-tida.

Foto: Runar Sandnes

– Det blir etablert kriseteam både i Gloppen og Jølster, og vi jobbar med å varsle pårørande, opplyste vakthavande jurist hos Sogn og Fjordane politidistrikt, Jørn-Lasse Førde Refsnes til NRK.no tidlegare.

Dei to bilane frontkolliderte i ei 80-sone i nærleiken av ein rasteplass på Jølster-sida av Våtedalen. Det var bart på staden, men det skal ha vore ein del vatn i vegbana. Politiet kan førebels ingen teoriar om årsaka til ulukka.

– Det er også bakgrunnen for at vi ønskjer å kome i kontakt med fleire vitne. Vi avventar vidare etterforsking og ser kva som kjem fram av det. Akkurat no er kriminalteknikar og ulukkesanalysegruppa i ferd med å undersøke køyretøya. Utover det ønskjer vi å kome i kontakt med dei vitna vi har etterlyst, seier Hatlenes til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trafikkulukke i Våtedalen

TIL SJUKEHUS: Ein ni år gamal gut og ein 49 år gamal mann får intensivbehandling for moderate skader etter ulukka.

Foto: Runar Sandnes

E39 vart stengd på grunn av ulukka, men vart opna att like før klokka 17.30. Ulukkesgruppa kom til staden kring klokka 1530.

Kraftig smell

Ulukka vart meldt naudetatane klokka 1318 og det vart sendt ut tre ambulansar, ein luftambulanse og eit redningshelikopter frå Florø.

Politi og brannvesen i både Gloppen og Jølster vart varsla.

– Det ser ut til å ha vore ein kraftig smell. Front i front. Det er nok ei alvorleg ulukke, sa Morten Larsen, som køyrer vogntog for Tine. Han stod som nummer fem i køa frå Jølster-sida.