Hopp til innhold

Fem pågripne i Sogn

Fem personar mellom 20 og 40 år, busett i Sogn, vart i går pågripne i ein aksjon i Luster. Fire er lauslatne, medan ein framleis sit i avhøyr. Dei fem er mistenkte for oppbevaring av tjuvgodt og ulovleg oppbevaring av våpen. Politiet fann også mindre mengder narkotika under aksjonen.