Hopp til innhold

Fem innbrot på to veker

I løpet av to veker har det vore fem innbrot i Førde og Naustdal. Framgangsmåten er lik på alle. Lensmann Jan Egil Tvinde seier til Firda at politiet jobbar ut i frå ein teori om at det kan vere same personar som står bak alle innbrota. Tjuvane har forsynt seg med pengar, smykke, bunadssølv og sigarettar.