Hopp til innhold

Felte ung jervehann i Luster

Ein jerv vart torsdag avliva i fjella i Luster. Dette er den første jerven som er skoten på lovleg vis på Vestlandet i år.

Ung jervehann avliva i Luster

UNG HANN: Golf i SNO seier jerven som vart avliva i Luster truleg er eit ungt dyr. Hannen var 13,5 kilo.

Foto: SNO-Aurland, rovviltseksjonen

Statens Naturoppsyn leitte etter jerv i fjella både tysdag og torsdag sist veke, og vart torsdag varsla om at ein jerv hadde kryssa mellom Bresenteret og Fåberg i Jostedalen, skriv Bergens Tidende.

SNO fann til slutt att jerven, og skaut den frå helikopter i området ved Rausdalen–Mørkridsdalen. Jerven vart skoten med ei bedøvingspil, før dei kunne konstatere at det var ein hann og deretter avlive den.

Hadde det vore ei tispe hadde ein leitt etter hiet og eventuelle kvalpar.

Bønder uroa for jervebestanden

Direktoratet for Naturforvaltning har gitt løyve til å felle to jervar i Indre Sogn denne våren. Regionalt rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf, seier til BT at det er større jerveaktivitet i distriktet i år enn i fjor. Jerven som vart felt var ein hanne på 13,5 kilo skriv avisa.

Bønder i Sogn og Fjordane er uroa etter at nye tal frå Rovdata syner at det var langt fleire jervekull enn det som er målsetjinga. Gjennom rovdyrforliket har ein sett ei grense på 39 jervekull, men i fjor vart det registrert 58.

– Det syner at jervebestanden er skyhøgt over det som er bestandsmålet, og at vi har ein jervebestand som er ute av kontroll. Det seier leiar i Skjolden sankelag i Luster, Arne Rebni Øverås til NRK.no.

Skal gjere nye søk

Regionalt rovviltansvarleg i SNO, Rein Arne Golf, seier til NRK.no at dei no er mykje ute i fjellområda i Sogn. Her samlar dei inn eksprementprøver slik at ein kan finne ut meir om kor mange individ av jerv det er i området.

Sidan det er gitt løyve til å ta ut to individ for å halde bestanden av jerv nede, vil SNO også i tida framover bruke helikopter for å prøve å ta ut endå eitt dyr.

– Så lenge det er sporsnø og flygevêr vil vi jobbe med dette, seier Golf til NRK.no.

Når dei samlar inn eksrementar er SNO ute på ski og scooter.