Hopp til innhold

Fekk viktige avklaringar frå Sanner

Ordførarane som i går møtte Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner, fekk lovnader om at fylkesgrenser ikkje skal stå i vegen for kommunesamanslåingar.

Sven Flo

SER PÅ SAMANSLÅING OVER FYLKESGRENSA: Sven Flo (H) er ordførar i Stryn.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Vi fekk lufta alle dei problemstillingane som vi hadde diskutert på førehand og fekk eigentleg klare og greie svar. Sanner var igjen tydleg på at fylkesgrensa ikkje skal vere til hinder for den vidare prosessen vi har gåande, seier Sven Flo som er ordførar i Stryn.

Saman med ordførarane i Hornindal, Ørsta og Volda var han i går kveld i Oslo for å møte Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner om mogleg kommunesamanslåing på tvers av fylkesgrensa.

Viktig grenseoppgang

Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal har ulike fylkeskommunar, helseføretak, vegregionar og skular, og eit viktig spørsmål er kva som skjer dersom to kommunar på kvar si side av fylkesgrensa ynskjer å slå seg saman.

– Vi ser det på ei rekke felt at det går ei grense mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal på veldig mange funksjonar. Det var veldig viktig for oss å få eit avklart forhold til korleis vi skal jobbe vidare opp i mot desse problemstillingane, seier Flo.

I møtet lova kommunalministeren å bidra sjølv, og få ruta eventuelle utfordringar som måtte dukke opp under vegs til departementa der dei høyrer heime.

Stig Olav Lødemel

KOMMUNESAMANSLÅING: Stig Olav Lødemel (H) er ordførar i Hornindal.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Han var veldig løysingsorientert i høve til at det å krysse fylkesgrensa ikkje skulle vere noko hinder for å slå saman kommunane, seier Stig Olav Lødemel, som er ordførar i Hornindal.

20 000 innbyggarar

Både Selje, Vågsøy, Stryn, Hornindal, Aurland og Gulen jobbar no med dei same vurderingane. Altså om ein skal slå seg saman og kanskje bytte fylke. Konsekvensane kan då verte at Sogn og Fjordane kan miste over 20 000 innbyggarar.

– Eg ser absolutt den problemstillinga. Det gjer og at vi brukar ein del tankeverksemd også på å sjå på konsekvensane. Det som er viktig for oss, i alle fall om eg skal snakke for Stryn sin del, er at vi ynskjer å ha fokus på innbyggarane sitt tilbod i framtida, seier Flo.

I dette spørsmålet blir også resultatet av den pågåande regionreforma avgjerande.

– No veit vi at den er litt ullen akkurat for augneblinken, men vi vart lova av Jan Tore Sanner at han vil kunne gi signal allereie rundt påsketider i forhold til korleis han ser for seg innretninga i forhold til regionane. Og det er klart at den avgjerda kanskje vil gi nokre svar til oss om prosessen vår opp i mot Møre og Romsdal.