Vektløftarane i Tambarskjelvar fekk storfint besøk. - STORFINT BESØK: Latviske Artus Tlsenijks og Wiktors Scherbatis kom med gode råd til Sindre Rørstadbotnen og Vebjørn Varlid. - Foto: Tom Farsund /

STORFINT BESØK: Latviske Artus Tlsenijks og Wiktors Scherbatis kom med gode råd til Sindre Rørstadbotnen og Vebjørn Varlid.

Foto: Tom Farsund

Fekk verdsmeistrar på besøk

Vektløftarane Sindre Rørstadbotnen og Vebjørn Varlid har denne veka fått eksperthjelp frå Latvia.

I ei veke har latviske Artus Tlesnijks og Wiktors Scherbatis delt sine erfaringar med dei to naustdalsløftarane, trenar Gunnar Reiakvam, og Per Hordnes.

Dei to er ikkje nokon kven som helst.

- Artus er truleg verdas desidert beste juniorløftar, uansett klasse. Han støyter mellom anna 215 kilo, seier Reiakvam om juniorverdsmeisteren i vektløfting.

- Veldig motiverande

Med sølv- og bronsemedaljar og fjorårets verdsmeistertittel, er ikkje supertungvektaren Scherbatis (33) nokon kven som helst heller.

- Dette er snakk om verdas beste løftarar. Dei er disiplinerte så det held. Det var veldig motiverande å sjå dei løfte, seier 18-åringen Sindre Rørstadbotnen om treningsveka med dei latviske vektløftarane.

Beste i verda

Løftarane frå Tambarskjelvar var i mai i fjor på tilsvarande opphald i Latvia . Det har gjeve meirsmak.

Vektløftarmiljøet i Latvia, med trenar Eduard Andruskevics i spissen, vert rekna for å vere av dei beste i verda. Noko sunnfjordingane vonar å dra nytte av.

- Vi lærer teknikkar, treningsmetodar og treningsmengder. Den latviske trenaren er mellom dei beste i verda, seier Rørstadbotnen.

12-åring imponerte

Denne veka deltok også Bjørgvin-løftaren Per Hordnes. I tillegg var ei 12 år gamal jente med på turen frå Latvia.

- Ho trenar like mykje som oss, og har truleg den beste teknikken eg har sett. Jenta veg 35 kilo, men tek 70 kilo i knebøy, fortel Rørstadbotnen.

Med unntak av torsdagen, vart det to treningsøkter for dagen. Rørstadbotnen har trena som latviarane det siste året.

- Eg har framleis mykje å lære, men eg merkar at eg vågar å presse meg meir no, seier han og håpar å sjå resultatet under senior-NM om to veker.

Skal perse

- Då skal det persast. Målet er rundt 300 kilo samanlagt, og då må eg opp i 130 kilo i rykk og 170 kilo i støt, seier 18-åringen. Det betyr at persane på 125 kilo i rykk og 161 kilo i støt skal over i historiebøkene. Han meiner det er innan rekkevidde.

- Eg har vore solid på trening i det siste, seier han.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.