Hopp til innhold

Barnehagebarn testa positivt – no blir alle borna sjekka for tuberkulose

Eitt av barna som har blitt testa for tuberkulose i Førde, har fått positivt utslag på testen. No skal alle 60 borna i barnehagen sjekkast.

Tusenfryd barnehage\Jan Helge Dale

POSITIV PRØVE: Kommunelege Jan Helge Dale seier at barnet som har fått utslag på testen, blir undersøkt vidare ved sjukehuset.

Foto: Geir Bjarte Hjetland/NRK

– Vi har fått svar på 18 prøvar. Ein prøve viser at eit barna kan ha vore utsett for smitte, seier kommunelege Jan Helge Dale i Flora.

Barnet blir no tilvist til barneavdelinga ved sentralsjukehuset og der vil det bli vurdert om det skal startast behandling eller ikkje.

– Det er viktig å få fram at barnet ikkje er sjukt og heller ikkje er smitteførande. Han eller ho kan altså ikkje smitte andre og det blir ikkje sett i verk spesielle tiltak rundt barnet. Undersøkinga på sjukehuset blir gjort for sikkerheits skuld, seier Dale som også er koordinator innan miljøretta helsevern for fleire kommunar.

No må alle borna testast

Tusenfryd Barnehage Førde

FEKK INFORMASJON: Alle foreldra til borna i Tusenfryd barnehage i Førde fekk dette skrivet frå smittevernlegen i kommunen i starten av juni.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det var i starten av juni at det blei kjent at ein tilsett i Tusenfryd barnehage i Førde hadde fått påvist tuberkulosesmitte. Dei 19 borna og fem vaksne på avdelinga til den tilsette, blei difor sjekka.

– Alle borna i det vi kallar den inste sirkelen blei testa. Det vil seie dei borna som er på avdelinga der den vaksne smitta jobbar. Vi manglar prøvesvar på eit barn og testane for dei vaksne er ikkje klare.

Etter at eitt barn har fått utslag på tuberkulose-testen, må alle 60 borna i barnehagen til sjekk.

– Når det blir utslag i den inste sirkelen, er det vanleg prosedyre at vi utvidar den. I ein barnehage er det då vanleg at alle borna blir testa. Men sjansen for å finne noko her er liten, når berre ein av 18 prøvar er positive, seier Dale.

Mindre smittefare hos dei vaksne

Dei borna som har fått negativt utslag på testen i første runde, må ta ein ny sjekk om 6–8 veker. Dette ligg i standardprogrammet, seier Dale. Han seier det ikkje var heilt overraskande at eit born fekk utslag i første runde.

– Det er viktig å presisere at dette ikkje er ein hundre prosent nøyaktig prøve, den kan vere det vi kallar falsk positiv. Barnet kan også ha blitt utsett for bakterien andre stader og det er andre bakteriar som kan gi utslag. Men når vi får positiv test, sjekkar vi som om det var ein smitte i denne situasjonen.

I tillegg til dei fem vaksne i barnehagen, er det også vaksne i andre miljø som har tatt testen.

– Dei svara er førebels ikkje klare, men sjansen for å finne noko her er veldig mykje mindre enn hos dei små. Dette er ofte folk som er vaksinerte og som har høgare dekning enn borna, seier han.

Kommunalsjef for barnehage og skule i Førde, Helge Sæterdal, seier foreldra i barnehagen blir informert i dag.

– Når dei hentar borna sine i ettermiddag, får dei med seg eit informasjonsskriv, seier han.