Hopp til innhold

Alle jubla for det første nye huset i bygda sidan 1999 - så sa Fylkesmannen nei

SØREIDE (NRK): Foreldra jubla, naboane jubla og politikarane jubla då Preben Birkeland Søreide (21) ville bygga hus på heimegarden i den fråflyttingstruga bygda. Men Fylkesmannen overprøvde løyvet frå kommunen.

Preben Birkeland Søreide fremst. Bak Petter Sortland (t.v.) og Arve Søreide

SKULLE VORE FULL BYGGEAKTIVITET: Preben Birkeland Søreide står på den vesle jordflekken som ikkje har blitt dyrka på 10 år, men som han likevel ikkje får lov å bygga hus på. Bak står ordførar Petter Sortland og far Arve Søreide.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er latterleg. Fylkesmannen burde jo flagga når nokon vil bygga eit hus her i bygda for første gong på nesten 20 år.

Arve Søreide veit knapt om han skal le eller grina. Framfor seg på kjøkenbordet har han det endelege avslaget frå Fylkesmannen på å få skilt ut ei tomt til sonen på den nedlagde garden sin i den vesle bygda Søreide, på sørsida av Sognefjorden i Høyanger kommune.

Preben Birkeland Søreide (t.v.) og Arve Søreide

MANGE BREV ATT OG FRAM: Preben Birkeland Søreide (t.v.) og Arve Søreide med bunken av klager og klagesvar.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Om ein slik liten grasflekk er viktigare enn at folk flyttar til distrikta, då får det heller vera, seier Preben.

Ubrukt innmark

Området sonen vil bygga på er 1,1 mål med innmark. Men naboen som slår jorda til Søreide, kjem ikkje til med den store slåmaskina på den vesle flekken. Dermed har den vore ubrukt i ti år.

I desember 2017 sende Søreide den første søknaden til Høyanger kommune om å få frådele ei tomt til sonen sin på garden. Jordbrukskontoret i kommunen sa nei, og viste til jordvernet, samt at det er eit byggjefelt under planlegging i bygda.

Men politikarane i planutvalet gav eit samrøystes ja til løyve.

Petter Sortland

– TRIST SAK: Ordførar Petter Sortland skulle gjerne sett at gravemaskinene var i gang på tomta.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Då me fekk saka med dokumentasjon på at denne delen av innmarka ikkje blir brukt, så var saka klar for oss, seier ordførar Petter Sortland.

Endeleg «nei»

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane klaga på saka, og sende den tilbake til kommunen for ny handsaming. Nok ein gong gav politikarane eit samrøystes ja.

Denne gongen argumenterte dei grundigare med at folketalsutviklinga i både kommunen og på Sørsida (alle bygdene i kommunen sør for Sognefjorden, red.anm.) hadde negativ folketalsutvikling. Samstundes at næringslivet i bygdene er i vekst, og såleis rekna dei med at tomtene i det planlagde byggjefeltet kom til å bli selde raskt, uansett.

Vedtaket vart sendt til Fylkesmannen, denne gong settefylkesmann i Rogaland, for endeleg avgjerd. Der var svaret det same som frå kollegaene i fjordfylket.

– Ein lurer jo litt på kor demokratiet er? Naboane er kjempepositive og politikarane er samstemte, seier Arve Søreide.

Jordvern og byggefelt

Fylkesmannen viser blant anna til at det er gitt løyve til eit byggefelt i same grend, som eit av argumenta for avslaget.

– Jordvernet er veldig viktig, og Stortinget har sagt at me skal ta vare på dyrka jord. Det skal vegast opp mot andre viktige samfunnsinteresser, og busetnad i distrikta er ei slik interesse. I dette tilfellet meiner me at det kan bli oppfylt, utan å plassera tomta på den dyrka marka, seier Christian Rekkedal, landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Eg skjønar at dei som har søkt er skuffa, men eg er usamd med ordføraren at me ikkje brukar nok skjønn. Skjønn betyr ikkje at me skal seia ja i alle saker. Det er ganske få saker me klagar på, og då er det fordi me meiner det finns gode alternativ, held han fram.

Christian Rekkedal

LANDBRUKSDIREKTØR: Christian Rekkedal er Landbruksdirektør hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Foto: NRK

– Når me så å seia eig halve bygda, så brukar ikkje eg hundretusenvis av kroner på ei tomt ein annan stad i same bygd. Då blir det heller å flytta til Bergen, seier Preben Søreide.

– Eg har stor respekt for reglane, og dei verkar sikkert godt i pressområde, som til dømes Oslofjorden. Men når ein kjem til fylket vårt, så er det nettopp slike ting som ei gratis tomt på heimegarden som kan vera tunga på vektskåla for om nokon vil flytta heim eller ikkje. Då må det vera lov å bruka skjønn, held han fram.