Hopp til innhold

Fekk kontroll over grasbrann

Brannmannskap frå Fjaler og Hyllestad rykte tysdag føremiddag ut til ein gras- og lyngbrann på Øveråshøgda i Hyllestad. Brannen var ein periode ute av kontroll, men brannvesenet har no sløkt flammane.

Gras- og lyngbrann var ute av kontroll i Hyllestad

BRANN: Det byrja brenne i terrenget på Øversåhøgda i Hyllestad tysdag føremiddag.

Foto: NRK-tipsar

Alarmsentralen sende ut brannmannskap frå to kommunar etter melding om ein grasbrann i terrenget.

– Det skal ikkje vere så veldig store område som står i brann enno, men det kan vere fare for to hytter som er i området, sa vakthavande ved Alarmsentralen til NRK.no like før klokka 11.

Klokka 11 skal det vere snakk om eitt 100 meter breitt område som står i brann. Det skal vere litt vind i området, men den skal ha roa seg litt.

– Det såg stygt ut

Kort tid seinare melder brannvesenet at dei har fått kontroll på flammane.

– Brannvesenet er på staden og har kontroll, seier vaktleiar Frode Eide ved Alarmsentralen, som melder at brannen er sløkt klokka 11.15.

Han seier det ei stund såg stygt ut.

– Det var ei stund fare for hus og hytter, og vindkasta gjorde at det såg stygt ut. Brannen blussa opp i vindkasta, fortel Eide.

600–800 kvadratmeter

Brannvesen dynkar no området med rikeleg med vatn for å sikre seg at den ikkje skal blusse opp att.

Ifølgje politiet skal eit område på mellom 600 og 800 kvadratmeter med terreng ha brunne.

Det ligg to bustadhus og nokre hytter i området der det byrja brenne. Det næraste huset låg berre 50 meter frå brannen.

Årsaka til brannen er førebels ikkje kjent.