Fekk ikkje «liv i» rusen mann

Det gjekk roleg føre seg på utekonserten med Plumbo i Fjærland. Derimot nådde privatfestar uønskte høgder i Førde og Høyanger.

Allereie like før midnatt fekk politiet melding om høg musikk som var til sjenanse for naboane i eit byggefelt i Førde.

Etter ein telefonrunde fekk lovas lange arm kontakt med dei aktuelle festdeltakarane, som lova å dempe musikken.

Like over midnatt vart ein rusen mann i 50-åra funnen ved ein bensinstasjon i Florø. Meldar fekk ikkje «liv i» mannen, noko som resulterte i at politiet reiste ut og tok hand om mannen. Den overstadig rusa mannen vart dimittert på bustad.

Tysdag kveld hadde Fjærland besøk av rockegruppa Plumbo, men utekonserten førte ikkje til særleg mykje meirarbeid for politiet. Dei kan melde om lite ordensvanskar, men legg til at eit par personar vil bli melde for drikking på offentleg stad.

Nattas aktivitet starta som den byrja i 05-tida, med melding om høg støy frå ein fest i Høyanger. Naboar fekk ikkje sove, men alt ordna seg etter at politiet fekk kontakt med dei aktuelle festdeltakarane.

Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.
I dag blei den siste biten av det ferjefrie vegsambandet frå Bremangerlandet til Svelgen opna. Og frå i dag er turen inn til kommunesenteret 4 mil kortare enn før og skjer tvers gjennom den vesle bygda Bortnen.