Tysdag 1. mai var ventetida endeleg over for eidaren. Medan Jostein Aarskog leitte etter ballen sin, kunne ein av medspelarane plukke den opp frå holet og gratulere med hole in one.

Slik Aarskog kunne gjere med sonen nokre år i førevegen.

– Det er oppoverbakke, slik at du ser ikkje greenen. Eg trudde slaget vart for langt, humrar han.

Fann ikkje ballen

Hol seks er 123 meter langt, og er eit par tre hol. Det vert skildra som eit uoversiktleg og middels vanskeleg hol. Men det er langt frå det lengste på bana. Det er derimot eit hol på knapt 300 meter.

Ein av dei som gjekk runda med Aarskog, var Kent Tryggestad.

– Slaget såg veldig bra ut, men medan vi andre låg godt samla kring bunkeren, fann vi ikkje siste ballen. Det er jo fort gjort å slå for langt, men heldigvis for Jostein trefte han midt på stanga og i holet, ler han.

Andremann

– Eg var budd på å chippe ballen inn på greenen og såg etter ballen, så det vart litt skrik då vettu, fortel Aarskog som har eit handikap på 18,4.

Då sonen Kristoffer slo hole in one for seks-sju år sidan, var golfbana på Stokkenes ei seksholsbane. Sidan er den blitt utvida til ni hol.

No er Stokkenes Golf Park ei par 64-bane for dei som går 18 rundar. Golfklubben tel kring 350 medlemmer.

– Det er ikkje så veldig mange som har klart hole in one her. Eg trur faktisk Jostein er spelar nummer to med hole in one sidan vi la om, seier Tryggestad og fortel at Tore Naustdal var først ute.

– Har eitt mål

Aarskog var sjølv med å sjå sonen slå hole in one, og vart kort tid etter biten av basillen. Det skjedde under ferietur til Spania.

– Bak ryggen min bestilte han time hos ein pro. Då var det gjort. Det var jo utruleg artig. Sidan har eg meir eller mindre budd på Stokkenes, fortel han.

Med kort avstand til golfbane er det med andre ord fort gjort med eit lite avbrekk på ein elles lang arbeidsdag.

– Og så er det jo sosialt. Du treff mange fine folk, seier han og vedgår at erfaringa 1. mai ikkje har lagt noko dempar på golflysta.

– Alle som spelar golf har eitt mål i livet. Og det er hole in one. Eg er ein av dei. No er det ekstra tenning, ler han.