Hopp til innhold

Sogndal måtte tole kjeft frå fotballforbundet etter Klanen-kritikk frå tribuneplass

Eit banner med fotballpresident Yngve Hallén som mafiaboss, fekk fotballforbundet sin delegat på kampen mellom Sogndal og Vålerenga til å sjå raudt.

Banner

FÅR KRITIKK: Sogndal Fotball får kritikk etter at dei ikkje oppdaga at Vålerenga-fansen hadde med eit ikkje-godkjend banner med inn på stadion.

Foto: Snæland, Alf Vidar / NTB scanpix

Før dommaren blåste i gang kampen, hadde Vålerenga-supporterane fleire plakatar med «eksplisitte» karakteristikkar av Norges Fotballforbund og president Hallén. Men desse vart etter avtale tekne ned før kampstart.

Men straks etter hengde dei tilreisande frå Klanen opp eit nytt banner, der Yngve Hallén blir framstilt som mafiabossen frå Gudfaren-filmane.

Hang opp ikkje-godkjend banner

Dette fekk fotballforbundet sin delegat på kampen til å skrive notatar så blekket fauk. Etter kampen fekk Sogndal Fotball sin arrangementssjef, Geir Inge Heggestad, klare beskjedar.

– Det vi fekk tilbakemelding på er at det var hengt opp eit lite banner etterpå der det står noko som ikkje er innanfor retningslinjene. Det blir rapportert, men eg trur ikkje det blir noko stor sak ut av det, seier Heggestad til NRK.no.

Blir rapportert inn

– Så dette får ingen konsekvensar for Sogndal?

– Neida, det einaste er at det blir rapportert inn frå NFF sin delegat om at det har vore oppe eit banner som ikkje har vore avtala. Det er berre slik det er, men dette er noko vi ikkje får problem med seinare, trur Heggestad.

NFF-delegaten, Geir Tjervåg, ønskte ikkje å gje nokon kommentar til NRK og synte til at han ville ta dette direkte med klubben.

– Dette har eg ingen kommentar til, var alt Tjervåg ville seie.

Haddde oppvaskmøte

Fotballforbundet si leiing har den siste tida vore sterkt kritisert, mellom anna for korleis dei takla avgangen til landslagssjef Egil "Drillo" Olsen. Hallén har vore i oppvaskmøte med "Drillo", men Vålerenga-fansen tykte tydelegvis at dette ikkje var nok.

– Først og fremst ønskjer eg på vegner av NFF å beklage situasjonen som har oppstått. Det var viktig for NFF å snakke med Egil for å avklare saka. No er begge partar interessert i å sjå framover, sa Hallén til VG nyleg.