Hopp til innhold

Fekk 6.000 i bot for å ha oppbevart stolne pengar

Ei 25-år gammal kvinne er dømd til å betale 6.000 kroner i bot for å ha oppbevart pengar som vart underslegne frå Malakoff på Nordfjordeid.

Det var i juli i fjor at kvinna var på jobb på Malakoff-festivalen på Nordfjordeid. I retten hevda kvinna at ho var lova 20.000 kroner for å jobbe nokre vakter på festivalen, trass i at dette er frivillig arbeid.

Kvinna kom til festivalen for å jobbe saman med to venner. Det var ein av desse som hadde lova kvinna pengar for jobben.

Etter avslutta vakt laurdag kveld, gjekk ho til baren der kjenningen jobba. Han gav ho då eit større pengebeløp som ho fekk beskjed om å leggje i lomma.

Trudde pengane var betalinga hennar

Kvinna trudde då at dette var betalinga hennar, og forklarte i retten at sjølv om ho tykte det var rart at ho fekk pengane der og då, så tenkte ho ikkje meir over kor pengane kom frå.

Seinare på kvelden vart både den mannlege vennen og kvinna arresterte av politiet. Kvinna vart arrestert i bilen til den mannlege vennen, og innrømte då at dei 5.900 kronene politiet fann i bilen, var same beløpet som ho hadde motteke tidlegare på kvelden.

I retten forklarte kvinna at ho burde ha forstått at pengane var tekne frå kassa.

Den mannlege vennene hennar vart i januar 2015 domfelt i Sør-Trøndelags tingrett der han erkjente tjuveri frå kassen.

Burde forstått at pengane var stolne

Retten fann det prova utover ein kvar tvil at kvinna handla strafferettsleg aktlaust då ho tok i mot pengebeløpet frå kompisen. Det var fleire forhold i løpet av den aktuelle helga som tilsa at kvinna burde ha forstått at pengane ho fekk, stamma frå ei straffbar handling.

Kvinna har hatt eit stort rusproblem, men går no til ruskonsulent og ruspsykolog.

Etter ei samla vurdering fann retten det passande som straff med ei bot på 6.000 kroner. Subsidiær fengselsstraff er sett til 12 dagar.