AMK registrerte 26 naudtelefonar og hadde 11 utrykkingar til festen som kom ut av kontroll natt til 1. mai.
I tillegg fekk fleire hjelp av mannskap på staden, og alt tilgjengeleg politi måtte rykkje ut for å få kontroll på festen med mellom 500 og 600 ungdomar.
- LES OGSÅ: Ungdomsfest får etterspel
– Eg har høyrt at det var ein del bråk, og at det var mindreårige innblanda i dette. Eg tykkjer det er kjedeleg, seier leiar for Nattevandrarane i Førde, Ann Renate Mulehamn.
– Hald dei heime
HEKTISK: Politiet fekk nokre hektiske timar under ungdomsfesten på Sanden i Naustdal.
Foto: NRK-tipsar / MMS-fotoBåde Mulehamn og lensmann i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde, meiner foreldra må ta ansvar når slike ungdomsfestar kjem ut av kontroll. Dei meiner ungdom under 18 år ikkje har noko å gjere på slike festar.
Mulehamn, som i seks år har vore nattevandrar for Røde Kors, trur mange foreldre veit fint lite om kva ungdomane i huset gjer.
- LES OGSÅ: Mest rus og bråk i Sunnfjord
– Ungdomen prøver seg, og plutseleg forsvinn dei ut eit glas eller avtaler med ei veninne. I utgangspunktet, ha dei for guds skyld heime den kvelden, seier ho.
Mykje rusa ungdom
OPPRYDDING: Slik såg det ut om morgonen 1. mai ved badestranda Sanden i Naustdal.
Foto: Alf Vidar SnælandFesten på Sanden i Naustdal har blitt ein tradisjon. I år som tidlegare skulle det russen ha vorspiel der. I år kom det langt fleire enn berre russ, og finveret gjorde at mange vart der lengre enn planlagt.
- LES OGSÅ:
Festen varte til langt på natt. Gjennom Facebook vart ungdomar i alle aldrar oppmoda om å komme. Mange av dei overstadig rusa var mindreårige.
– Vi var der før vi reiste på festplassen. Det var mykje rusa ungdomar og folk som ikkje tok ansvar for det dei gjorde, fortel 16-åringane Anna, Guro, Åse Linn og Solveig.
Ser ikkje problemet
Elevane ved Hafstad vidaregåande skule fortel dei såg mange jamaldringar drikk. Likevel hadde dei ikkje inntrykk av at festen var gått over styr den perioden dei var der.
(Artikkelen held fram under biletet)
SÅG IKKJE: 16-åringane Åse Linn Hollevik, Solveig Skarmo, Anna Hjelle og Guro Nybø fekk ikkje inntrykk av at festen på Sanden var ute av kontroll så lenge dei var der.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKSjølv er ungdomane lite freista til å halde seg inne heile mai.
– 12-åringar er kanskje litt for ungt, men når ein kjem i 16-17-årsalderen ser eg ikkje problemet med å vere der, meiner dei.
Etterlyser foreldra
Russen har sjølve erkjent at ting gjekk ut av kontroll ein periode under festen. Fylkesleiar i Sogn og Fjordane AUF er russ i Florø, og var til stades i Naustdal.
– Her er det ting som har kome ut av kontroll, og som helst ikkje burde skjedd. Uansett russ eller ikkje, seier ho og fortel om mange festdeltakarar som ikkje var russ. Både eldre og yngre.
– Russen tykkjer også det er kjedeleg at det er yngre der, for vi vil helst samlast som russ. Det er kanskje litt uansvarleg også å la ungane reise dit, seier ho.
– Foreldra har ansvar
ÅTVARAR: Lensmannen i Førde og Naustdal, Jan Egil Tvinde.
Foto: Vidar Gudvangen / NRKEtter det NRK kjenner til er førebels berre ei valdssak meld til politiet etter festen i Naustdal. Også lensmann Tvinde ved lensmannskontoret i Førde og Naustdal plasserer ansvar hos foreldra.
– Det er udiskutabelt. Det er foreldra som har ansvar for ungdomane sine. Er du under 18 år så skal du ikkje drikke alkohol, og du skal ikkje vere på stader der det er fest og storansamlingar av ungdomar som er der for å vere på fest, seier han.
– Kva signal bør foreldre sjå etter for å ikkje vere naive?
– Det er ikkje lett å seie, men skal ein overnatte andre stadar eller hos vener, så kan det vere eit signal på at noko er i gjere. Men det enklaste er å reise ut og sjå der ungdomane er.