Christoffer Hafsås - HOPPANDE GLAD: Førdes Christoffer Hafsås scora sitt første hat-trick - og vart onkel ein time før kampstart. - Foto: Hans-Olav Rise / NRK

HOPPANDE GLAD: Førdes Christoffer Hafsås scora sitt første hat-trick - og vart onkel ein time før kampstart.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Vart onkel ein time før kamp - scora sitt første hattrick

Ein time før kampstart fekk Førde-spiss Christoffer Hafsås vite at han var vorten onkel. Det resulterte i hans første hat-trick i kampen som til slutt enda 4-0 til Førde over Saga.

19-åringen frå Eid var kjend for ein farleg skotfot lenge før han kom frå Eid til Førde. Han har to sesongar bak seg med 23 og 21 nettkjenningar, men fjorårssesongen var litt trå med berre sju mål.

Men no ser det ut for at Hafsås har funne att skotformen, også i Førde-trøya. I 3. divisjonsoppgjeret Saga-Førde, stod han for tre av Førdes fire mål. Saga scora ingen.

– Fin måte å feire på

– Eg håpar eg er tilbake på sporet. At det skulle losne med eit hat-trick i dag er utruleg artig. Spesielt fordi eg fekk vite at eg var vorten onkel ein time før kampstart. Det var utruleg herleg å feire det, seier Christoffer Hafsås.

Ungguten har dermed scora tre mål på to kampar. Det kan gi ein fin statistikk til slutt, men Hafsås ønskjer ikkje å forskottere noko. Og han vil heller ikkje seie at han har eit mål for kor mange scoringar han skal ha denne sesongen.

– Eg tek det som det kjem. Eg tenkjer på gode prestasjonar, så får måla komme deretter. Men eg er ikkje nøgd før eg har 15, seier Hafsås.

Men han trur ikkje det vert ei lett oppgåve.

Skal opp att i 2. divisjon

– Alle vil slå Førde, så det blir ikkje lett. Men vi skal opp att i 2. divisjon, seier Hafsås.

– Vi må berre ta kamp for kamp og jobbe knallhardt slik som i andre omgang. Då blir vi vanskelege å slå, seier Hafsås.

– Det er mitt første lokalderby mot Saga og eg veit kor mykje det betyr for alle spelarar. Ein snakkar jo om det heile sesongen, det er liksom eit oppgjer som skal svi, seier Hafsås.

Starta heller dårleg

I første omgang var det veslebror Saga som styrte kampen, og til pause stod det 0–0.

– Vi starta utruleg dårleg i første omgang, og sleit med sjansane og dårleg tempo. Men så fekk vi nokre kloke ord frå Knut Erik (Folland red. anm) og blir samde om at denne jobben må vi gjere, og at vi ikkje har råd til å tape så mange poeng, seier Hafsås.

Han seier at det var eit heilt anna lag som kom på bana i andre omgang, og det gav også resultat.

Han rosar Saga for innsatsen.

– Dei jobba knallhardt og viste at det ikkje skulle bli ein enkel kamp, seier Hafsås.

Skredet issolerte dei frå omverda.
Fylkesveg 242 mellom Skjerdal og Aurlandsvangen er stengd etter at det gjekk eit stort steinras og fleire mindre jordskred nedover elva Volda i dag tidleg.
Kameratane Tore Høgalmen (18, Ole Martin Flatjord (18) og Eirik Hellerud (19) har gjort sitt for å markere nasjonaldagen. For andre året på rad har dei pynta fjellet over Gloppefjorden i Sogn og Fjordane i dei norske fargane.