Hopp til innhold

Farlege gassar hindrar etterforsking av tunnelbrannen

Oppryddingsarbeidet i Skatestraumtunnelen i Bremanger kan starte tidlegast måndag. Framleis er det farlege gassar i tunnelen, der ei tankvogn med fleire tusen liter bensin eksploderte på onsdag.

Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen. Lengre versjon.

FILMA ØYDELEGGINGANE: Røykdykkarar frå Flora brannvesen filma då dei vart dei første til å ta seg inn i Skatestraumtunnelen etter brannen. Delar av videoen er klypt vekk av omsyn til etterforskinga. (Video: Flora Brannvesen)

– Det er relativt store skadar på tunnelen. Det er framleis gassar som gjer at det er farleg å opphalde seg der, seier politiadvokat Erling Melvær.

Skatestraumtunnelen i Bremanger har vore stengd sidan onsdag. Då raste ei tankvogn med 16500 liter bensin, rett i fjellveggen og eksploderte.

I går var røykdykkarar og politi inne i tunnelen for å vurdere omfanget av skadane. Framleis er det mykje farlege gassar og lause gjenstandar som kan dette ned frå taket i tunnelen. Difor er den vidare etterforskinga utsett til over helga, seier politiadvokat Erling Melvær.

– Dermed vil det ta noko tid før hengaren som står i tunnelen kan hentast ut. Mest sannsynleg kan ikkje det gjerast før måndag, seier han.

Inne i Skatestraumtunnelen

Statens vegvesen kan ikkje starte oppryddingsarbeidet før politiet er ferdig med etterforskinga tidlegast måndag. Politiet vurderer no tryggleikstiltak i helga for å unngå at folk går inn i tunnelen.

– Om vi skal ha kontinuerleg vakthald på staden, eller setje inn andre sikringstiltak, det har vi ikkje bestemt oss for enno, seier Melvær.

Truleg vil tunnelen bli frigjeve frå politiet så snart hengaren er ute, seier han.

– Det er ikkje særleg mange oppgåver som står att for politiet i tunnelen. Det som vil bli prioritert framover er å undersøke den delen som sleit, for å komme til botns i korleis det kunne skje.