Kristian Fardal Opseth var spelaren som skilde Sogndal og Brann i finalen under La Manga Cup i Spania.
Kaupingen kom inn som innbytar og steig 10–12 minutt før slutt i lufta og stanga inn Ørjan Hopen sin presise corner. Med det har Sogndal vunne alle sine tre kampar under treningsopphaldet på La Manga.
- LES OGSÅ: – Vi var ikkje fokuserte nok
– Det var utruleg mor å få målet som eg burde hatt mot Start. Det var kjekt å kunne avgjere, gliser 23-åringen.
– Store kontrastar
Fardal Opseth har nytta treningsopphaldet på den spanske solkysten til å vise seg fram for Sogndal Fotball.
(Artikkelen held fram under videoen)
Han spelte heile kampen mot Start (2–1) og var også då delaktig etter at han fekk straffespark. Mot raudtrøyene frå Bergen hadde han vore på bana i åtte minuttar då han scora.
- LES OGSÅ: Får lovord etter siger mot Start
– Kontrastane er store i høve til situasjonen for fire år sidan, smiler han og siktar til sjukdomstilværet som var nær ved å setje stoppar for fotballkarrieren.
Tilbake til Førde
– Var det ein draum som gjekk i oppfylling i ettermiddag? Du har Sogndal-trøya på og avgjer mot Brann?
– Det er ikkje tvil om at det var utruleg kjekt. Eg har vore på ein del Sogndal-kampar og hatt lyst til å oppleve det der. Sogndal er det beste laget i min nærleik og laget eg har følgt med på. Då er det berre naturleg at det blir eit mål.
Om det blir kontrakt eller ikkje, seier Fardal Opseth at han veit fint lite om. Men han reknar med at han er med i Førde-troppen som til helga møter Fyllingsdalen på bortebane.
Tenkjer på Sogndal
Fardal Opseth og Tim Nilsen entra bana for Mahatma Otoo og Malick Mane med 20 minuttar att.
– Eg fekk spørsmål om å vere med her, og det er vanskeleg å seie om eg har styrka sjansane mine eller ikkje. Eg tek det veldig som det kjem, seier han.
(Artikkelen held fram under biletet)
– Brukar du mange kaloriar på å tenkje på kva dette opphaldet kan bety for deg?
– Eg prøver å la vere å tenkje på det, men det er ikkje alltid like lett. Det freistar med ein treningskvardag der du berre kan tenkje fotball. Det kostar ein del å vere halvproff med jobb i tillegg til å satse på fotball.
Vil til Sogndal
– Førde har eit kjempeopplegg og eg føler at eg har utvikla meg kjempemykje. Samstundes føler eg at eg har meir inne, legg Fardal Opseth til og vedgår at lysta til å spele Eliteserie med Sogndal er stor.
– Eg er Førde-spelar, men eg har lyst til å spele for Sogndal i Tippeligaen. Eg reiser ikkje til Sogndal for å spele på andrelaget, seier spissen som ifølgje Sogn Avis er ynskt av trenar Jonas Olsson.
Sportsleg leiar Håvard Flo kan derimot ikkje love Olsson nokon ny Opseth i spelarstallen.
– Eg er nok litt meir nyansert, men Kristian har definitivt ikkje gjort seg vekk, seier han.
Moden for toppfotball
Flo legg til at Sogndal no skal kvile på laurbæra etter turneringssigeren, før dei gjer opp status om spelarane som viste seg fram på La Manga. Når det gjeld prøvespelarane reknar Flo med at dei har gjort seg opp ei meining innan eit par veker.
– Er Fardal Opseth god nok til å ta steget til Eliteserien?
– Han har nokre innebygde kvalitetar som vitnar veldig mykje om toppfotball og som appellerer til oss. Spesielt i høve til å komme til målsjansar, han er ein veldig god avsluttar innanfor boksen og har vist sider som vi ser må jobbast med, men som han har ein indre «drive» til relativt fort komme seg dit.
Første sidan 1993
– No skal vi få unna treningsleiren og så heim for å sjå på ting og tang før vi vil komme til ein status om skal eller skal ikkje, held Flo fram omt spelaren som sikra Sogndal sitt første cuptrofé sidan dei i 1993 slo Moss 2–1 i finalen av Würth-cup, ein cup for 1. divisjonslag.
At det var ein cup Fardal Opseth var med på, vart han først klar over før avspark mot Brann.
– For min del så har eg ikkje tenkt så mykje over at dette var cup, før Jonas Olsson påpeika det i dag, ler 23-åringen.
– Vart skoten i senk
Avgjerda kom etter ein corner som romkamerat Ørjan Hopen dunka inn framfor Piotr Leciejewski i Brann-buret.
– Eg sprang berre inn og Hopen dundra inn corneren. Den trefte meg i hovudet og gav meg truleg hjerneristing. Eg veit ikkje om han prøvde å skyte meg i senk eller kva han tenkte, fleiper Fardal Opseth før han vedgår at hjørnesparket var både godt og presist.
– Det var ein fantastisk slått corner som eg bør score på. Eg får gå upressa opp og heade inn ballen. Det gjorde veldig godt, avsluttar han.