Hopp til innhold

Får ros etter innsatsen på ulukkesstaden

Eilif Rosnæs var ein av dei første som kom til etter at to bilar kolliderte i Flåm tidlegare i dag. Saman med ein kamerat tok han raskt kontroll over situasjonen.

Eilif Rosnæs får ros

DRAMATISK: Eilif Rosnæs frå Sogndal var ein av dei første på ulukkesstaden.

Foto: Arne Veum / NRK

Brannsjef i Aurland, Reinhardt Sørensen, er ein av dei som skryt av innsatsen. Sjølv om han set pris på rosen, vil ikkje Rosnæs hausse opp sitt eige bidrag.

– Det er veldig hyggjeleg å bli sett pris på og hyggjeleg at eg kunne hjelpe til. Spesielt at eg kunne roe ned pasienten, det var kanskje det viktigaste, seier han.

Har trent på stressande situasjonar

Eilif Rosnæs kjem opphavleg frå Rygge i Østfold, men bur i Sogndal der han jobbar i kommunen.

Han og kameraten kom to bilar bak dei to som frontkolliderte etter ei farleg forbikøyring ved Otternes i Flåm tidlegare i dag. To menn i 70-åra vart skadde og sendt til sjukehus.

– Eg såg ein bil som passerte ut. Eg såg ikkje sjølve kollisjonen, men høyrde smellen. Vi skjønte at det var noko var gale med ein gong, fortel Rosnæs.

Ulukke i Flåm

KRAFTIG SMELL: Dei to bilane fekk store skader etter frontkollisjonen. Begge førarane, to menn i 70-åra, vart sende til sjukehus.

Foto: Arne Veum

Han har tidlegare jobba i telemarkbataljonen i tre år, i tillegg til førstegongsteneste. Saman med kameraten tok han raskt over kontrollen på staden.

– Både eg og han som var med meg i bilen har tidlegare jobba i Forsvaret, så vi la ein kjapp slagplan og gjekk til kvar vår bil. Vi har trent på ulike stressande situasjonar, som gjer at vi kanskje greier å puste litt med nesa når slike ting skjer, seier han.

Ytte naudsynt førstehjelp

Då Rosnæs kom fram til bilen som hadde prøvd å køyre forbi, såg han at bilføraren prøvde å komme seg ut. Men mannen greidde ikkje å stå på oppreist.

– Når eg kom bort til han så byrja eg å køyre ein drill, der eg gjekk gjennom ei sjekkliste for å undersøke kroppen samstundes som eg prata med han, seier Rosnæs.

Den skadde fekk òg låne telefonen, slik at han fekk ringe heim til kona.

Måtte vente lenge på ambulanse

Rosnæs fortel at det tok om lag ein halvtime før ambulansepersonell. Politiet kom ikkje fram før det hadde gått ein halvtime. Det meiner Rosnæs er for dårleg.

– Dei gjer ein god jobb dei som jobbar der. Men eg er litt bekymra for ressursane, som er alt for små til å dekke eit så stort område, seier han.

Medan tida gjekk var det dei to kameratane og andre forbipasserande, som måtte trø til.

– Det var litt dramatisk dei første tre-fire minutta, då pasientane hadde høgt adrenalinnivå og var på grensa til sjokk. Men vi fekk roa dei ned og då gjekk det greitt, seier Rosnæs.