Hopp til innhold

Får pengar til å utrede utfordringar for øykommunar

Ti øykommunar, deriblant Solund, får 800.000 kroner til eit prosjekt der dei ønskjer å sjå på utfordringar for ferjeavhengige kommunar. Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen er svært glad for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet har løyvd pengar til prosjektet.

Ole Gunnar Krakhellen

GLAD: Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen er nøgd med at dei ti kommunane fekk innvilga søknaden sin om pengar til prosjektet.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Dette er veldig kjekt. Vi hadde håpt på å få innvilga søknaden vår. Vi tek det som eit godt signal at kommunalministeren ser utfordringane vi slit med, og ser at vi treng meir kunnskap, seier Solund-ordførar Ole Gunnar Krakhellen.

Træna kommune, i samarbeid med Fedje, Hasvik, Kvitsøy, Leka, Røst, Smøla, Solund, Utsira og Værøy, ønskjer å gjennomføre eit utgreiingsprosjekt for å sjå nærare på øykommunane sine utfordringar i kommunereforma.

Håpar utgreiinga gir nyttig tilleggsinformasjon

Departementet vil dekkje nokre av kostnadane for den planlagde eksterne utgreiinga.

– Stortinget har vore tydeleg på at alle kommunar skal ta del i reformarbeidet. Desse kommunane har nokre særlege utfordringar dei må ta fatt på. Samtidig har innbyggjarane på desse øyane også krav på gode og likeverdige velferdstenester, så kommunane må vurdere korleis dei best kan skape det, seier kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner i ei pressemelding.

I utgreiinga ønskjer ein å kartleggje utfordringane for kommunar som er avhengige av ferje for å komme til næraste nabokommune.

I søknaden står det at ein spesielt ønskjer å sjå nærare på tilhøve knytte til avstandsulemper, rekruttering og busetnadsmønster.

Målet er å få på plass eit grunnlag for kommunane sitt vidare arbeid med kommunereforma.

– Eg håpar at utgreiinga kan gje nyttig tilleggsinformasjon til kommunar som opplever at dei har ei utfordrande geografisk plassering, seier Sanner.

Har totalramme på 1,2 millionar kroner

Krakhellen fortel at heile prosjektet har ei totalramme på 1,2 millionar kroner.

– Vi er samde om at kvar kommune spyttar inn 50.000 kroner, så då er prosjektet fullfinansiert, seier Krakhellen.

I november skal kommunane samlast for å drøfte vegen vidare.

– Alle ordførarane sit i ei styringsgruppe. FTræna har teke på seg prosessleiinga. 3. november skal vi samlast i Hasvik i Finnmark for å drøfte kva vi gjer vidare. Mellom anna på prosjektet lysast ut på anbod, seier Krakhellen.