Hopp til innhold

Far og son skal fronte grøne verdiar

Stein Malkenes kom inn på fylkestinget, og sonen Martin Igland Malkenes skal sitte i Flora bystyre dei komande fire åra. Begge representerer dei Miljøpartiet Dei Grøne - MDG.

Stein Malkenes og Martin Igland Malkenes

PÅ LINJE: Far Stein Malkenes og son Martin Igland Malkenes er begge blitt folkevalde MDG-politikarar.

Foto: privat

Begge er dei over snittet engasjerte i samfunnsdebatten, og Martin vedgår at han i oppveksten har blitt påverka av engasjementet til faren, både når det gjeld grøne verdiar og mykje anna innan politikken.

– Men eg må presisere at eg melde meg inn i MDG før han. Og engasjementet mitt har eg frå fleire hald. Bestemor mi, Amanda Igland, var leiar i Sogn og Fjordane fiskarkvinnelag, mor mi engasjerte seg for sjukehuset i Florø. Det var mange livlege debattar i familien.

– Veldig stas

I det heile er det to debattglade og ordsterke blad Malkenes som no skal ut og prøve å påverke fylkespolitikarar og bystyrerepresentantar i Flora til å velje ein grønare kurs inn i framtida.

– Det er veldig stas at det har blitt slik at vi begge er MDG-politikarar, og eg er veldig stolt over Martin, seier Stein.

Han har ambisjonar om å få sett ein dagsorden der grøne verdiar er med i det meste av det som blir vedteke på fylkestinget og legge premissar for vedtaka.

– Eg har spekulert litt i dag på korleis eg skal arbeide. Eg kan tenke meg å få til eit halvdagsseminar om klimaspørsmål, det er kanskje litt arrogant av meg å kome med slikt, men det er veldig viktig å få inn ein framtidsretta tenkemåte der.

Han vil og ta til orde for å legge ned stillinga som fylkeskommunal oljekonsulent og heller bruke midlane til ei stilling som fremjar grøn næring.

– Og så har eg høyrt at fylkeskommunen har ein fiskerikonsulent som held til i Leikanger og som aldri har vore i Måløy. Det kan eg tenke meg å gjere noko med.

Mange turar på ordførarkontoret

Sonen Martin er førstereisgut som folkevald politikar, men han har gjort mykje for å prøve å påverke politikken i Flora.

– Eg har hatt mange turar på ordførarkontoret med innspel som eg brenn for. Eg fekk forresten oljekonferansen i Florø til å handle om utdanning. No ser eg veldig fram til å bidra for å få Flora på rett veg inn i framtida.

MDG har i valkampen vore skulda for å ikkje ha særleg fokus på andre saker enn dei grøne verdiane.

– Det er ei feilvurdering. For oss er berekraft fundamentet for alt vi gjer. Vi tenker radikalt, og mange ser på det som litt merkeleg. Men oppslutnaden om MDG i valet viser at folk er i ferd med å forstå kor viktig det er med eit grønt skifte, seier Martin Igland Malkenes.

Han ser fram til å prøve å påverke andre politikarar.

– Norge har sove for lenge i timen. Det vi er i gang med no burde ha skjedd for ti år sidan. Og eg kan tenke meg å vere ein katalysator for å få i gang tankeprosessar og tiltak.