Hopp til innhold

AMK: Får ofte ikkje tak i legar på vakt

Når liv og helse står på spel blir vakthavande lege alarmert, men i Sogn og Fjordane skjer det ofte at AMK-sentralen ikkje får tak i dei på helseradioen.

Ambulanse Årdal

HELSERADIO: Under trippeldrapet i Årdal i november kommuniserte helsepersonell via helseradio. Men AMK i Helse Førde opplever ofte at dei ikkje får tak i legar som har vakt.

Foto: Egil J. Lund / NTB scanpix

I samband med oppvasken etter handteringa av trippeldrapet i Årdal, kjem det no fram fleire kritikkverdige tilhøve ved akutthelsetenesta i Sogn og Fjordane.

Som eit svar på ei tilsynssak mot Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) i Sogn og Fjordane, skriv Helse Førde i eit brev til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane, at dei i enkelte tilfelle ikkje får tak i legane som har vakt i dei ulike kommunane:

Vi opplever at kommunen sitt helsepersonell (vakthavande lege, journ. anm.) ikkje alltid har fått opplæring i riktig bruk av helseradio. Noko av problema vi opplever er at helseradioen ikkje er slått på, er tom for batteri, står på feil kanal, manglande opplæring og brukarfeil, feil radioidentitet på radioeininga.

Seksjonsleiar, AMK Førde, i brev til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane

Helseradio er eit radiosamband som helsevesenet nyttar til å kommunisere med kvarandre på, og dei som har vakt er pliktige til å vere tilgjengelege, ifølgje lova.

– Dårleg dekning

Helse Førde har i tilsvaret til fylkeslegen lagt ved eit oversyn som viser kor ofte vakthavande lege svarar når AMK-sentralen sender ut testalarm. Gulen legekontor har berre svart på sambandstest i fem av 15 tilfelle. «Sjeldan svar på radio på test. Ikkje alltid svar på telefon på legekontor», skriv Helse Førde i brevet.

Kommunelege Tommy Norman i Gulen seier at dårleg dekning er viktigaste årsaka til at dei i så mange tilfelle ikkje svarar på testane.

Nødnettet

NØDNETT: Nytt digitalt nødnett er enno ikkje bygd ut i Sogn og Fjordane. Men skal etter planen vere på plass innan utgangen av 2014. I dag nyttar dei analogt radionett.

Foto: Holm, Morten / NTB scanpix

– Testane er ofte på måndagar, og då har eg utekontor. I Brekke og på Byrknesøy er det så dårleg dekning at eg knapt høyrer noko, og dei i andre enden høyrer iallfall ikkje meg. Ein av legane her brukar ikkje helseradioen i det heile.

Legevakta i Bremanger svara berre på seks av 15 testar, og vakthavande lege i Høyanger svara på sju av 15 testar.

Også ved reelle hendingar har AMK opplevd å ikkje få tak i legar på vakt. I Førde har det ved tre tilfelle siste tida skjedd at legen ikkje svarar når det hastar, på såkalla lege-/ambulansealarm.

Det blir også vist til ei reell hending i Sogndal der vakthavande lege verken svarte på helseradio eller telefon. Dette førte til at AMK måtte kalle opp lege frå annan kommune.

Vil ha forklaring frå kommunane

Helse Førde har tidlegare påpeika at det er vanskeleg å få tak i vakthavande lege når det hastar. I eit brev til Helsetilsynet i Sogn og Fjordane i 2010 uttrykte helseføretaket bekymring fordi fleire legar ikkje var tilgjengelege i helseradionettet. Riksrevisjonen påpeika også dette som ei bekymring i 2005-2006.

Assisterande fylkeslege Linda Svori seier at dei vil be kommunane om ei forklaring på at det i så mange tilfelle ikkje blir svara på testane.

– Vi har høyrt frå enkelte kommunar at det er dårleg dekning. Men no må vi få inn supplerande informasjon frå alle kommunane, slik at vi veit kor mykje som skuldast dårleg dekning og kva som har andre årsaker. Før vi veit det er det vanskeleg å gje nokon kommentar til saka.