Hopp til innhold

Får likevel tilgang til AMK sin lydlogg

Politiet får likevel tilgang til AMK sin lydlogg etter dei brutale drapa på Valdresekspressen. Allereie to dagar etter trippeldrapa bad dei om tilgang, men først i går kveld vart partane samde.

Kripos sine teknikarar gjer undersøkingar ved bussen der tre personar vart drepne i Årdal

LEITAR ETTER SVAR: Politiet snur alle steinar for å finne svar på kva som skjedde på Valdresekspressen. Tilgang til AMK sine lydloggar ein del av dette arbeidet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Politiet har tidlegare fått oversend ein skriftleg versjon av delar av lydloggen, men meinte det ikkje var godt nok og ville ha den fullstendige lydfila.

Men Helse Førde sa først nei. Dei viste til helsepersonellova som seier at slikt personell har ei særleg teieplikt. Etter ein diskusjon fram og tilbake har helseføretaket og politiet blitt samde.

– Vi har hatt ein diskusjon i forhold til om materialet i lydloggen er underlagt avgrensingar i forhold til reglane for teieplikt, eller om det er grunn til å gjere unntak frå reglane.

– Vi har kome fram til at det vil vere høve for Helse Førde å utlevere dei aktuelle lydloggane til politiet, seier politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt til NRK.no.

Har ikkje fått noko ut av avhøyra

Det er fire veker sidan dei grufulle drapa på Valdresekspressen på veg frå Årdal til Oslo. På veg over fjellovergangen mellom Årdal og Tyin gjekk ein 30 år gamal asylsøkjar til angrep på dei to andre passasjerane og bussjåføren. Alle tre vart drepne.

Bilistar som først kom til trudde det hadde skjedd ei trafikkulukke, men det vart etter kvart klart at det hadde skjedd noko langt verre. Ein mann med kniv vart observert om bord på bussen, og den 30 år gamle mannen vart til slutt overmanna av helsepersonell og brannvesenet.

Den trippeldrapssikta fekk sjølv skader og vart først send til Haukeland sjukehus, før han seinare vart overført til psykiatrisk sjukehus. For halvanna veke sidan vart han overført til fengsel.

Politiet har førebels ikkje fått noko ut av avhøyr av mannen, og snur no alle steinar i jakta på svar på kva som skjedde.

Har gått noko tid

Tilgang til AMK sine lydloggar er difor viktige for politiet. Men det har teke tid for politiet å få tilgang på desse.

– Det har teke noko tid å få tilgang på loggane, stadfestar politiadvokat Knut Broberg i Sogn og Fjordane politidistrikt.

– Men det har ikkje teke uforholdsmessig lang tid.

– Er det ikkje rart at politiet ikkje har umiddelbar tilgang til lydloggen til ein annan offentleg etat?

– Det er slik at politiet ikkje har full tilgang til denne typen materiale. I utgangspunktet er lydloggen til AMK underlagt teieplikt etter helsepersonellova. Men det finst unntak, og i dette tilfelle har vi kome til at dette er eit slikt unntak, seier Broberg.

Håpar lydloggen kan bidra til å gje svar

Politiet vil no gå nøye gjennom lydloggane, seier han.

– Vi er på eit stadium i etterforskinga der vi ser etter dei små detaljane. Lydloggane som knyter seg direkte tilbake til denne kvelden inneheld dei små detaljane i større utstrekning enn vitna kanskje greier forklare seg om i tida etter hendinga, seier Broberg.

– Loggen er difor viktig slik at vi kan gå tilbake i tid å sjå om det er ting vi ikkje har klart å fange opp tidlegare, seier Broberg.