Hopp til innhold

Ordførar får kritikk for Facebook-bruk

Fjaler-ordføraren er litt vel aktiv og blandar korta på Facebook, meiner forskar Marius Rohde Johannessen. – Det er i gråsona for ein lokalpolitikar.

Arve Helle

KRITIKK: Det er denne Facebook-meldinga forskar Marius Rhode Johannessen meiner er i gråsona for kva ein politikar bør gjere på Facebook.

Foto: Montasje / NRK

Fjaler-ordførar Arve Helle tek kritikken med ro.

– Ja, eg tykkjer det er greitt altså. Så lenge det er sømmeleg og sakleg, er dette noko ein må rekne med. I alle fall når eg er så aktiv som eg er, seier Helle.

Førre veke vart han kontakta på veggen sin på Facebook om eit avslag på ein byggjesøknad. Personen som skreiv på veggen til ordføraren var ikkje nøgd med sakshandsaminga, og meinte det var dårleg distriktspolitikk å avvisa søknaden.

Helle svara: "Byggesaka di er meir komplisert enn som så og søknaden strir mot alle gjeldande reglar og føringar i dette området."

– Mange problemstillingar dukkar opp

Marius Rohde Johannessen ved Høgskolen i Buskerud og Vestfold har forska på sosiale medium i lokaldemokratiet. Han reagerer på utspelet til Helle.

– Det er litt i gråsona i svare på Facebook, seier Johannessen.

Han forklarar at å svare på ein klage vert rekna som del av den formelle, politiske prosessen. I kommunar som har retningsliner for sosiale medium, og i juridisk forstand, skal ein ikkje drive saksbehandling via eit ope forum som Facebook, seier Johannessen.

– Då får du ei rolleblanding mellom politikaren si rolle og det administrative si rolle. Saksbehandlaren som eigentleg skal handsame saka kan føle seg pressa til å ta ei avgjerd han eigentleg ikkje burde ta. Mange slike problemstillingar dukkar opp då.

– Saka var avslutta

Ordførar Helle vedgår at det moglegvis var litt spesielt å kommentere ei konkret byggesak.

– Men å diskutere saker, og diskutere samfunnsutviklinga i Fjaler på Facebook tykkjer eg er greitt. Men eg ser at det fort kan bli tidkrevjande.

Men han meiner det var greitt å kommentere denne gongen. Han seier det var ein generell kommentar, og hevdar kommunen si sakshandsaming var avslutta.

– Eg ville ha vore litt meir forsiktig dersom dette var midt i ei sakshandsaming. Men det som vart kommentert her var vårt endelege avslag, klageavslaget, så då var saka avslutta frå vår side.

Det blir stadig vanlegare for lokalpolitikarar å vera aktive og kommunisera med veljarar på sosiale media. Ordførar Helle brukar Facebook mykje.

– Det er fordi det er ein veldig god kanal for direkte kommunikasjon med innbyggjarane. Ein får skryt av og til, og så får ein finne seg i at det, slik som i dette tilfelle, vert ris av og til. Det tykkjer eg er greitt.