Hopp til innhold

Har skjerpa inn språkreglane – her får dei ikkje lenger skriva «me» og «vera»

Dei tilsette i fylkeskommunen får ikkje lov å skriva «me» og bruke a-ending når dei skriv offentlege brev. Språkrådet meiner dei nye og strenge språkreglane bør endrast.

Fylkeshuset Sogn og Fjordane

FÅR IKKJE VELJA: Dei tilsette i Sogn og Fjordane fylkeskommune får ikkje lenger skriva «me» og bruke a-ending når dei skriv offentlege brev.

Foto: Arild Nybø / NRK

Arnfinn Muruvik Vonen

ER OVERRASKA: Direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet tykkjer dei tilsette skal få velje mellom likestilte former.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Me er litt overraska over at dei vel ut enkelte av dei likestilte skrivemåtane framfor andre. I nynorsk er både «vi» og «me» likestilte former. Det same er a-ending og e-ending, som «vera» og «vere», seier direktør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet.

Vekkjer reaksjonar

Jan Inge Fardal

Redaktør Jan Inge Fardal i Sogn Avis meiner fylkeskommunen bør opne opp for både 'me' og 'vi'.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

I fjor haust vedtok fylkeskommunen nye og innsnevra språkreglar som pålegg tilsette der å bruka e-ending og "vi" i staden for "me". Den språklege innsnevringa vekkjer reaksjonar i Sogn, mellom anna i Sogn Avis.

– Eg tykkjer det er for dumt at det skal vera så firkanta. Eg slit med å forstå motivasjonen og grunngjevinga for å gjera det, seier redaktør Jan Inge Fardal.

I lokalavisa for midtre og indre Sogn brukar journalistane konsekvent a-ending på infinitiv av verb, altså «å gjera» i staden for «å gjere». Avisa brukar også «me» i staden for «vi». Men desse formene er altså ikkje lenger lov å bruka i offentlege skriv frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Ser ikkje behovet for innstramming

Dei nye reglane er ein del av ein språkbruksplan som skal gjera språket i fylkeskommunen betre og meir korrekt. Språkdirektør Arnfinn Muruvik Vonen i Språkrådet rosar sjølve planen som han meiner viser at fylkeskommunen tek språket på alvor.

Og han ser at ei rettesnor kan vera nyttig når to eller fleire sakshandsamar jobbar med det same dokumentet og er usamde om kva ordformer dei skal bruka.

– Men å skulle pålegga alle sakshandsamarar å velja den eine forma framfor den andre, er litt merkeleg. Eg ser vel ikkje heilt behovet for det heller, seier Vonen.

I 2012 kom det nye rettskrivingsreglar for nynorsk, etter eit langt og omfattande arbeid. Dei nye reglane seier at det er like korrekt å bruka "me" som "vi", og a-ending som e-ending. Vonen tykkjer det er merkeleg at fylkeskommunen går laus på dei nye reglane ved å laga ei innsnevra norm.

– Det kan vere nyttig å ta opp internt korleis språkbruksplanen fungerer, seier han.

Tek oppmodinga på alvor

Tore Eriksen, fylkesrådmann, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

TEK MED SEG INNSPELA: Fylkesrådmann Tore Eriksen seier dei tek oppmodinga frå Språkrådet på alvor.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Fylkesrådmann Tore Eriksen er den ansvarlege for dei nye reglane i språkbruksplanen. Han seier dei vil ta oppmodinga frå Språkrådet på alvor.

– Me får sjå kva me kjem fram til. Det viktigaste er at me har fått til ein veldig god språkbruksplan, med gode tilbakemeldingar både frå mållaget og fagmiljø elles. No vil me ha løpande vurderingar og gjera endringar der det er fornuftig.

– Kan ein fylkeskommune driva med innsnevring av rettskrivingsreglane frå 2012, utan at det har vore til politisk handsaming?

– Det meiner eg me kan. Me hadde ein brei debatt om det nynorske språket i fylkestinget for ei tid tilbake. I den samanheng blei det klargjort at administrasjonen ville utarbeida ein plan og det var ingen merknader til det, seier han.

Reknar med at fylket ryddar opp

I redaksjonen i Sogn Avis tykkjer redaktør Jan Inge Fardal at fylkeskommunen sender ut eit uheldig signal til dei 28000 innbyggjarane i midtre og indre Sogn.

– Eg reknar med at fylkeskommunen ryddar opp i dette og opnar for at dei tilsette får bruka «me» og a-ending, seier han