Hopp til innhold

Får ikkje reise på rundtur

Problema på Bergensbanen får også konsekvensar for Flåmsbana. Fleire hundre av deira passasjerar blir råka kvar dag bana blir stengd.

Flåmsbana-turist

KONSEKVENSAR: Problema på Bergensbanen får også konsekvensnar for passasjerane på Flåmsbana.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Raset på Bergensbanen gjekk like ved Ørneberget togstasjon i 17.30-tida søndag ettermiddag. Toget på bana vart ståande i to timar utan straum, men passasjerane vart seinare frakta vidare med alternativ transport.

Mange av passasjerane på Flåmsbana tek bana som ein del av ein rundtur i området Sogn-Voss. Men med trøbbel på Bergensbanen er det mange som berre får teke delar av turen, dermed blir det problem.

– Konsekvensane er for dei som skal reise på desse rundturane, Norge i eit nøtteskal spesielt. Dei får anten togturen, eller fjordreisa. Vi greier ikkje å få til begge delar, seier driftsleiar Alf Strømsnes.

Det er vanskeleg å seie akkurat kor mange passasjerar som vil bli råka av problema, men Strømsnes trur det vil bli ein del.

– No er vi på hell på storsesongen, men nokon hundre kan det fort bli, kvar dag, seier han.

Jernbaneverket sendte geolog til rasstaden då det lysna måndag. Førebels veit verken dei eller NSB eksakt kor lenge bana blir stengd på staden.

Dermed kan heller ikkje Strømsnes seie noko om kor mykje dei kjem til å tape. Han håpar dei ikkje på ny opplever vekevis med problem, slik dei nyleg gjorde etter at Gudvangatunnelen på E16 vart stengd i fire veker etter ein brann.

– Om det blir langvarig får vi dei same utfordringane som vi hadde med stenginga av Gudvangatunnelen, med mykje ekstraarbeid med ombooking. Det er ikkje noko særleg, seier Strømsnes.