Hopp til innhold

Elevar fortvilar: Blir nekta tilgang på skulebøker på grunn av streiken

Elevar på skular der lærarane streikar får ikkje delt ut skulebøkene sine. Det vil vere streikebryteri og praktisk umogleg å få til, seier kommunen.

Skolearbeid

UTAN BØKER: Fleire elevar vil setje i gong med skuleåret og ønskjer å få utdelt skulebøkene, men det bil vere streikebryteri

Foto: Berit Roald

– Då går dei hardt på og vil ramme elevane direkte. Når ein elev har lyst til å ta tak i sin eigen situasjon og jobbe på eiga hand, så meiner eg dette er ein ufin måte å ramme dei på, seier ei fortvila mor i Førde.

Jenta hennar kunne gjerne tenkje seg å begynne å lese trass i lærarstreiken. Mora ringde skulen og bad om å få ut bøkene. Administrasjonen sa at det var praktisk mogleg, men ifølgje skulesjefen kan dei ikkje tillate det fordi det er streikebryteri.

– Dottera mi var interessert i å setje i gong med å jobbe på eiga hand. Ho veit at det kjem til å bli litt rask framgang i undervisninga når dei startar opp att, og då vil ho førebu seg på faga på eiga hand, fortel mora.

Medan lærarane held fram streiken på tredje veka, sit elevar med lite eller ingenting å gjere i heile landet. Ikkje får dei undervisning, og ikkje får dei tilgang på fagbøkene sine.

Manglande kapasitet

For utdeling av bøker er ein jobb lærarane gjer i starten av eit skuleår. Dermed vil det vere streikebryteri å dele dei ut, meiner skulesjef i Førde, Helge Sæterdal.

– Hittil har vi sagt nei. Dette er ei oppgåve som lærarane normalt gjer, seier Sæterdal.

Helge Sæterdal

STREIKEBRYTING: Skulesjef Helge Sæterdal seier dei vil vurdere å dele ut bøker til dei 700 elevane.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Han fungerer som rektor på dei to ungdomsskulane som er råka av streiken, og har mynde til å dele ut lesestoff til elevane. Men kapasitet har han ikkje.

– Vi har trass alt 700 elevar, og viss vi først byrjar å dele ut til enkelte foreldre, så må vi ha eit system som gjer at vi kan dele ut til alle, seier Sæterdal.

Trappar opp streiken

164 lærarar streikar i Sogn og Fjordane no. Ingen nye vart tekne ut i streiken i dag, men held den fram vil eit nytt uttak bli varsla i morgon.

På landsplan er no over 7.800 lærarar frå Utdanningsforbundet, Skolenes landsforbund, Musikerenes fellesorganisasjon og Norsk Lektorlag i streik, og nær 100.000 skuleelevar er råka over heile landet.

Det er ikkje slik at vi har overflod av undervisningstimar i norsk skule.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

I dag varsla Skolenes landsforbund at dei vil trappe opp streiken for sine medlemmer. MFO, musikarane sin fellesorganisasjon tok i dag ut 41 lærarar ved kulturskular, ungdomsskular og vidaregåande skular.

Partane i konflikten, Utdanningsforbundet og KS var i møte søndag, men gjekk frå kvarandre etter berre ein halvtime. Dermed får ikkje elevane bøkene sine denne veka heller.

Lærere og kunnskapsmister Thorbjørn Røe Isaksen

UTAN UNDERVISING: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i Stavanger i samband med semesteropninga.

Foto: Pål Christensen / Stavanger Afte / NTB scanpix

– Fleire tusen foreldre og elevar er no ramma, og også yngre born blir i større grad omfatta av streiken no. Det fører til at foreldra må vere heime. Det er også slik at for mange blir dette andre veka utan undervisning, og det er ikkje slik at vi har overflod av undervisningstimar i norsk skule. Det er her alvoret ligg, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen då det var kjent at det nok ein gong var brot i forhandlingane.

Elevane vil gjere ein innsats

Fleire elvefar NRK har snakka med meiner det er kjedeleg at dei går glipp av undervisninga, og foreldra er uroa.

– Det rammar jo skulane ulikt frå kommune til kommune og skule til skule. Nokon har tilgang til bøkene og lærarane og andre ikkje. Når ein elev har lyst til å gjere ein innsats på eiga hand, så tykkjer eg at dei må få lov til det, seier ei mor.

Ho stiller spørsmål om det kan vere lovleg å nekte elevane å få utlevert pensum.

Med knallgule vestar, kaffi i koppen og lett preik er lærarane på plass i sentrum for å vise at dei framleis er i streik.

Hedda Håberg Lærar på Førde ungdomsskule og Solrun Undredal Nistad på Hafstad vidaregåande skule er samde om at det er bra elevane gjerne vil lære.
Men dei er tydelege på at det er verdt å streike for saka.

– Det er sjølvsagt veldig synd for elevane som vi veit er veldig lærevillige og interesserte, men slik er det berre no. Vi kan ikkje dele ut bøkene, men det kan Sæterdal. Men han får då veldig mange å dele ut, seier Håberg.

– Vi tykkjer ingenting om streiken, og håpar at den snart vert avblåst slik at vi kan kome tilbake på arbeid. Vi gler oss til å møte elevane, seier Undredal Nistad.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hedda Håberg og Solrun Undredal Nistad

SYND FOR ELEVANE: Hedda Håberg (t.h.) Lærar på Førde ungdomsskule og Solrun Undredal Nistad (t.v.) på Hafstad vidaregåande seier det er bra elevane vil lære.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Vil vurdere å dele ut bøker

For utdanningsforbundet er det greitt om elevane les fag på eiga hand, seier leiar Gunn Marit Haugsbø.

Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø er skuffa over at partane ikkje er samde.

POSITIVT: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Gunn Marit Haugsbø (t.v.) ser positivt på at elevane vil lære.

Foto: Eli Eiknæs Vengen

– Som lærar tykkjer eg det er positivt at elevane er opptekne av at dei faktisk går glipp av undervisning. Så eg vel å sjå positivt på at elevane har lyst til å kome i gong med skuleåret. Dei er klar over kva dei tapar no ved å ikkje ha starta, seier Haugsbø.

Kommunalsjefen i Førde veit ikkje korleis situasjonen er elles i landet, og vil no snakke med kollegaar i andre fylke. For foreldre over heile landet reagerer no på at elevane ikkje får bøkene sine.

Sæterdal vil så vurdere om det vert aktuelt å dele ut bøker i løpet av veka.

– No når streiken vert forlenga, så må vi gjere ei vurdering om vi likevel skal gjere det, seier han.

Røe Isaksen