Selvangivelse - FLEST FÅR TILBAKE: Over 50 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane får tilbake pengar på skatten. - Foto: Karina Jørgensen / NRK

FLEST FÅR TILBAKE: Over 50 000 innbyggjarar i Sogn og Fjordane får tilbake pengar på skatten.

Foto: Karina Jørgensen / NRK

Får ein halv milliard skattekroner

Om lag 50 000 skattebetalarar i Sogn og Fjordane får i snitt 9827 kroner igjen på skatten. 10 668 av oss må betale restskatt.

Skatteoppgjeret for lønstakarar og pensjonistar er klart måndag 25. juni.
64 314 skattytarar i Sogn og Fjordane får oppgjeret sitt no i juni.

I Sogn og Fjordane er det utlikna skattar og avgifter for meir enn 4,74 milliardar kroner. 50 275 skattytarar får i alt 494 millionar kroner tilbake. Desse får i snitt 9 827 kroner kvar tilbake på skatten. Tilsvarande tal frå i fjor syner at 50 048 skattytarar i fylket fekk igjen 479 millionar kroner, med eit snittbeløp på kr 9 575.

10 668 skattytarar i Sogn og Fjordane får totalt 92,1 millionar kroner i restskatt. Kvar enkelt må betale kr 8 636. I fjor fekk 9 498 skattytarar 79,6 millionar kroner i restskatt – med kr 8 381 i snitt.

Fleire med tilgodebeløp – og med restskatt

I alt får 2,3 millionar skattytarar i heile landet i overkant av 23 milliardar kroner tilbake. Dette er ein liten auke frå i fjor. Det er skatteoppkrevjaren i kvar kommune som overfører pengane. Skatteoppkrevjaren kan nytte tilgodebeløpet til å dekkje skuldig skatt frå tidlegare år, og til å dekkje andre offentlege krav.

Rundt 500 000 skattytarar har fått restskatt. I snitt må dei betale kr 11 400 kvar, om lag det same som i fjor. Totalt er det utlikna skatt og avgift for nesten 253 milliardar kroner, skriv Skatt Vest i ei pressemelding.

Mange nyttar seg av leveringsfritaket

Fleire har nytta seg av leveringsfritaket i år. Om lag 2,5 millionar leverte ikkje sjølvmeldinga – fordi den var rett og fullstendig utfylt på førehand. Då leveringsfristen for sjølvmeldinga gjekk ut i år, hadde rundt 900 000 skattytarar levert sjølvmeldinga elektronisk. Det var 30 000 fleire enn i fjor.

Fleire nye skatteoppgjer

Det er innført ei rekkje nye datoar for skatteoppgjer for lønstakarar og pensjonistar. I staden for å vente til oktober, vil dei som ikkje får oppgjer i juni, få skatteoppgjer løpande; frå 25. juli og fram til 17. oktober. Dette gjeld og næringsdrivande og ektefellane deira. Men verken skattekontor, skatteopplysninga eller kemnerkontoret har mulegheit til å vite talet på, eller kven som får skatteoppgjeret – på kva for datoar.

Restskatt – betalast i to terminar

Restskatt under kr 1 000 skal betalast innan 20. august. Restskatt på kr 1 000 eller meir betalast i to terminar, tre og åtte veker etter at oppgjeret blir sendt ut. For dei som får oppgjer i juni, er tidlegaste frist 20. august. Skattytar får tilsendt innbetalingsblankett med forfallsfrist.

Preben Moen (22) hadde allereie sagt ja til å overta Gloppen hotell etter faren, Dag Moen. Men det skjedde litt meir brått enn venta, då Dag døydde i påska.
Ørna var nære på å ende sine dagar i ei revesaks sett ut ved Førdefjorden, men den blei funnen og tatt hand om.
På Sunnfjord museum i Førde ligg det lagra over 13000 gamle gjenstandar. Men både dei tilsette og styret uroar seg over lagringstilhøva. I verste fall kan eldgamal kulturhistorie bli øydelagt.