Hopp til innhold

Skadde eldgammal runestein under brøyting - no får kommunen 70.000 i bot

Sogndal kommune må betale ei bot på 70.000 kroner etter at snøbrøyting skadde runesteinen på Stedje i Sogndal.

I fjor vinter blei den 1000 år gamle runesteinen på Stedje i Sogndal øydelagt av snørydding.
No har fagfolk klart å føre det eldgamle kulturminnet tilbake til fordums prakt.

ER FIKSA: Runesteinen vart reparert hausten 2013.

Det skriv Sogn Avis.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) har allereie vedteke bota.

– Storleika på bota tek ein til vitande. Dette er ei sak som har teke lang tid, og politiet må skave på årsakene til det. Men kommunen har sagt frå dag ein, viss vi var skuld i dette, så er dette ei hending som ikkje skal skje. Det er berre å beklage, seier Aarvoll til avisa.

Han understrekar at området for ettertida vil bli meir sikra.

Kritikk for lang oppklaringstid

Den nesten to meter høge runesteinenn ved Stedje kyrkje i Sogndal fekk stå i fred i nær tusen år. Men då det skulle ryddast snø vinteren 2012, gjekk det gale.

Professor i geologi ved Høgskulen i Sogn og Fjordane, Stein Bondevik, trudde ikkje sine eigne auge då han fekk sjå runesteinen.

– Eg vart heilt sjokka då eg kom opp og såg kva som hadde skjedd, sa Bondevik til NRK.no.

Politiet har fått kritikk fordi det har teke så lang tid å oppklare brotsverk mot verdifulle kulturminne. Dei siste tjue åra har kulturminneforvaltninga i Sogn og Fjordane meldt sju kulturminnebrotsverk til politiet.

Politiet har i snitt brukt halvtanna år på å oppklare desse sakene.

Vart reparert av fagfolk

Runesteinen på Stedje har etter alt å dømme stått på ei grav frå eldre jarnalder, om lag 500 år etter Kristus. Sidan har ein eller annan rissa inn runene om lag 600 år seinare, på 1100-talet.

Hausten 2013 var steinen tilbake i si fordoms prakt, etter at fagfolk hadde klart å reparere runesteinen.