Hopp til innhold

Får 900 000 kroner til delfinale

Fylkesutvalet vil løyve inntil 900 000 kroner til ein delfinale for Melodi Grand Prix i Florø i januar neste år. Ikkje alle er einige i det.

Per Sundnes og Anne Rimmen

Per Sundnes og Anne Rimmen skal leie NRKs Grand Prix-sendinger til vinteren. Kanskje kjem dei til Florø.

Foto: NRK

Florø er høgaktuell som arrangørstad, og dei fleste politikarane meiner eit slikt arrangement vil vere god fylkesreklame.

Det vil også bli arrangert fleire lokale musikkarrangement i samband med delfinalen, og arrangørane håper at ein delfinale vil vere eit kulturelt fyrtårn for fylket .

Nøringset var imot

Norvall Nøringset

Norvall Nøringset vil heller bruke pengar til kulturtilbod for ungdom.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Norvall Nøringset frå SV var den einaste som stemde imot løyving.

– Vi veit at det er kommersielle selskap som arrangerer dette for NRK, og dei tener på pengar på det. Det som då skjer, er at dei får kanskje tre millionar kroner i overskot i staden for to, fordi fylkeskommunen går inn med ein million.

– Andre ting å bruke pengane på

Han meiner pengane må brukast på andre arrangement enn ein delfinale.

– Vi skal løyve pengar til mellom anna kulturkort for ungdom og festivalar. Seinast denne veka ønskte arrangørane av junior-NM på ski pengar, utan at vi hadde sjanse til å gi fem øre der. Men så finn dei nesten ein million kroner til ein delfinale. For desse pengane kunne vi arrangert kanskje ti konsertar for ungdom i Sogn og Fjordane der vi var inne og støtta med 100 000 kroner til kvar.