Hopp til innhold

Fant den siste fangen - no er begge tilbake bak murane

No er begge dei to fangane som rømde frå Vik fengsel i går, bak lås og slå att. Den siste av dei vart funnen like etter klokka 23 i går kveld.

Vik fengsel

TILBAKE HER: Dei to fangane er no tilbake i Vik fengsel etter gårsdagens flukt.

Foto: Nyhetsspiller

– Han vart observert langs vegen av ein forbipasserande, seier Inge Værøy, operasjonsleiar i Sogn og Fjordane politidistrikt.

I går tidleg rømde to fangar, ein mann i slutten av 20-åra og ein 18-åring, frå fengselet i sognekommunen. Den eldste av dei klarte berre å halda seg skjult i eit par timar, medan 18-åringen klarte å halda seg på frifot i 14 timar.

– Han vart arrestert heilt utan dramatikk, seier Værøy.

Det er fjerde gong på tre år at nokon har rømt frå fengselet.

– Dei har gjort det på den vanlege måten. Det er å forsere gjerdet vårt som ikkje er godt nok, sa fengselsleiar Roy Egil Stadheim til nrk.no medan dei framleis jakta på fangane i går føremiddag.

Fengselsleiinga har lenge sagt at tryggleiken er for dårleg, men dei har fram til no ikkje fått midlar til å betra sikkerheita. Det blir forandra til like etter sommaren, då startar arbeidet med å setja opp eit nytt og betre gjerde.

Tilsette i Vik Fengsel fryktar feire fangar vil rømme om ikkje gjerdet blir betre.

SJÅ VIDEO: So lett er det å rømme frå Vik fengsel. (TV-reportasje frå sommaren 2012).