Hopp til innhold

Fannemel kom seg til Finland – det gjorde ikkje hopputstyret

Dagen før andre verdscuprunde i skihopping er Anders Fannemel på plass i finske Rovaniemi. Det er derimot ikkje hopputstyret hans.

Anders Fannemel smiler utanfor Håkonshall

UTAN UTSTYR: Anders Fannemel og det norske hopplandslaget kom onsdag til Rovaniemi. For tre av hopparane var mangla hopputstyret.

Foto: Rune Fossum / NRK

Dei norske landslagshopparane reiste frå Gardermoen i 13-tida onsdag kveld, men vel framme i Rovaniemi oppdaga han at ein av to bagar mangla.

I bagen som manglar var det sko, hjelm, hoppundertøy og diverse anna hopputstyr.

– Det er jo litt irriterande. Vi skal forhåpentlegvis hoppe seinare i dag, og då er det kjekt å ha utstyret på plass, seier Anders Fannemel.

– Småuroa

Etter verdscupopninga i Klingenthal, står Ruka i Kuusamo for tur denne helga. Fasiten etter Tyskland vart tredjeplass i lagkonkurransen og 4. plass i den individuelle delen.

For Jacobsen kan det i verste fall bety at kvalifiseringa går fløyten .

– Det raraste er at dei var mellom dei første som sjekka inn. Det er rett og slett nokon som har gløymt å sende av garde bagasjen deira, seier ein oppgitt landslagssjef, Alexander Stöckl.

Fannemel seier det ikkje er noko optimal opplading til rennet at utstyret manglar.

– Sjølvsagt kjekt å ha kontroll på utstyret når ein har brukt lang tid på å tilpasse og jobbe seg fram til den setup ein har. Ein blir litt småuroa. Spesielt hoppskoa er vanskeleg å erstatte, seier Fannemel.

Tre manglar utstyret

Hopparen frå Hornindal er ikkje den einaste på landslaget som står utan hopputstyret. Også Anders Jacobsen og Tom Hilde set i same båt.

– Det er slikt som skjer av og til at vi ikkje får bagane vi skal ha, men det plar komme med eitt seinare fly eller dagen etter. Eg håpar det skjer i dag også, seier han.

Med fjerdeplassen i Klingenthal er Fannemel førehandskvalifisert til rennet i Finland.

– Ein får vurdere om det er noko poeng å opne utstyr eg ikkje kjenner, men vi får sjå om det er aktuelt i det heile, seier han.

Siktar inn mot topp ti

23-åringen seier han prøver å ikkje la seg stresse av at han ikkje har fått hopputstyret.

– Det kan slå uheldig ut om ein stressar og uroar seg, men eg trur og håpar at det ordnar seg, seier hopparen som siktar seg inn på ei ny topp ti-plassering.

– Eg har mål om å vere topp ti i alle verdscuprenn, så får eg til det er det veldig bra. Denne bakken har eg slite litt i før, men eg håpar eg klarer å fikse den i år, seier han.

– Samstundes har du vel mykje positivt med deg frå førre renn?

– Ja, det fungerte veldig bra førre helg, og det er ikkje så mange dagar sidan. Eg berre håpar eg ikkje har gløymt teknikken.

– Og så at hopputstyret kjem?

– Ja. Vi håpar det blir levert på rommet straks.