Hopp til innhold

Mann i 60-åra omkom i drukningsulukke

Det var ein mann i 60-åra som midt på dagen tysdag blei funnen død i sjøen sør for Stavøya i Flora.

Stavøya

– Vi har varsla dei pårørande om at det ikkje er mistanke om noko kriminelt, seier Kai Myklebust ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

Mannen blei funnen i 13-tida, naudetatane rykka raskt ut og ved 14-tida var han bragt til land. Der blei mannen erklært død.

– Det er bestemt at mannen skal sendast til obduksjon, opplyser Myklebust.

Mannen har mest truleg ramla ut av ein båt.