Hopp til innhold

«Hei, kan eg få haik heim til fengselet?»

Etter 14 timar på rømmen var 18-åringen sliten og lei av det dårlege vêret. Då gjekk han like godt ned på vegen og bad ein bil som kom køyrande forbi om haik tilbake til fengselet.

Vik fengsel

FENGSEL: Fleire har kome seg ut av fengselet i Vik. Ingen har kome seg ut av kommunen.

Foto: Odd Inge Gjeraker

Etter over eit halvt døgn på rømmen var det over og ut for 18-åringen. Saman med ein medfange stakk han av frå Vik fengsel like etter klokka ni måndag morgon. Den eine av dei, ein mann i 20-åra, vart teken etter eit par timar, medan 18-åringen heldt seg på frifot ei god stund til. Men litt over klokka 23, etter 14 timar på frifot, gav han opp.

– Han var trøytt, lei og blaut, so han tok til vit. Han tok seg ned til ein veg litt ute i dalen i retning Vikafjellet, der var det ein lokal ungdom i bil som trefte på 18-åringen. Sjåføren stoppa og spurde om 18-åringen skulle nokon plass. Han sa at han ville ned att til fengselet, og då fekk han haik. Noko meir dramatisk enn det var det ikkje, seier fengselsleiar Roy Egil Stadheim.

Det var mange som var ute og leita etter rømlingane, og utover ettermiddagen vart søket intensivert med hundar og helikopter. Ikkje fordi fangen var farleg på nokon måte, men fordi dei frykta han kunne ha skada seg og låg hjelpelaus i det barske terrenget.

– Det var veldig godt å få han tilbake, for me frykta at han låg skada i terrenget. Å ha den kjensla av å ikkje finna han er ikkje moro, for oppe i det terrenget han var so visste me ikkje kva som kunne ha skjedd, seier Stadheim.

Justisminister Grete Faremo og leiar ved Vik fengsel, Roy Egil Stadheim.

LETTA: Fengselsleiar Roy Egil Stadheim er letta over at dei fann att begge fangane. Her med justisminister Grete Faremo.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Skulle gå til Voss

– Etter å ha traska ute frå klokka ni om morgonen til elleve om kvelden so kan ein jo tenkja seg at han var både sliten, blaut og trøytt. Doktoren såg til han i natt, og han virka frisk og grei etter forholda.

Dei to innsette hadde pakka med seg eit klesbyte og litt mat. Fengselssjefen har ikkje fått snakka so mykje med dei endå, men slik han forstår det hadde dei lagt ein kanskje litt for ambisiøs plan for å koma seg til fridom.

– Det vesle me veit so langt er at planen deira var å ta seg opp på fjellet og gå til Voss. So kan ein jo i det heile lura på om dei veit kor langt det eigentleg her. Dei hadde kanskje planlagd det ein dag på førehand, seier Stadheim.

No når begge fengselsfuglane er tilbake i buret, ventar truleg reaksjonar i form at forflytting eller strengare straff. Men kva som blir gjort er Stadheim usikker på.

– Me får ta ein prat med dei og so skal dei avhøyrast av politiet, og so får me ta det deretter. Av og til sender me vekk innsette til andre fengsel, men i denne saka so får me venta litt å sjå.

– Ingen har klart å rømma ut av Vik

Dei siste tre åra har det vore fire rømmingar frå Vik fengsel. Fengselsleiinga har lenge sagt at sikkerheita ikkje er god nok – og dei tenkjer då på gjerdet som ikkje er rømmingssikkert – men likevel er det ingen som har rømt som dei ikkje har klart å få tak i att.

– Å rømma frå Vik er det ingen som har klart dei gongane det har skjedd. Me har teke att alle, og sjølv om det tok ei stund i går so enda det godt til slutt.

– Dei har jo ikkje so mykje lokalkunnskap når dei prøver seg på slike ting. Me har fjorden på den eine sida og fjellet på den andre, samt bratt og ulendt terreng. Me har funne alle som har prøvd seg til no, og kanskje det kan hindra andre frå å prøva også.

– Det høyrest jo ut som Vik er den perfekte plassen å ha eit fengsel med slike «naturlege fengselsmurar»?

– Jo, men me skulle ønska at me hadde hatt eit sopass sikkert fengsel at me hadde sloppe å bruka so mykje ressursar på å leita etter dei.

Gjerdet som står rundt fengselet er ikkje eit rømmingssikkert gjerde. Fengselsleiinga har fleire gonger påpeikt at det ikkje er rømmingssikkert fordi det verken er høgt nok, klatresikkert eller festa i eit fundament i bakken. Men det blir det truleg ei endring på allereie rett etter sommaren.

– Me skal ha møte med Region Vest denne veka, so me får håpa at det blir fortgang i saka.

Tilsette i Vik Fengsel fryktar feire fangar vil rømme om ikkje gjerdet blir betre.

SJÅ VIDEO: So lett er det å rømma frå Vik fengsel. (TV-reportasje frå sommaren 2012)