Hopp til innhold

Fann ammunisjon i vegen

Politiet i EId har teke hand om fleire skarpe skot som vart funne i vegbana på E39 i Stigedalen. Skota vart funne like sør for Leivdøla bru. Skota var delvis sundkøyrde, og vil bli destruerte. Ammunisjonen var av kaliber 30-06, det er ikkje kjent kor dei kjem frå.