Hopp til innhold

Falske fagbrev florerer

Polske industriarbeidarar kjem til Norge  med falske fagbrev og sertifikat.

STX Florø
Foto: Cosmin Cosma / NRK

Dei siste åra har Aker Yards Florø sendt kring 50 verftsarbeidarar tilbake til Polen fordi dei har kome hit med falske papir.

- Enkelte av desse klarer ikkje ein gong å slå på eit sveiseapparat. Det er heilt vilt, seier Audun Grønnevik, som er hovudtillitsvald ved Aker Yards Florø.

Må ta praktisk prøve

Han har god kjennskap til at mange polske verftsarbeidarar prøver seg med falske fagbrev.

- Dei blir raskt oppdaga, seier Grønnevik...

Men det kostar både å få arbeidskrafta hit, og så sende dei tilbake. Florø Stål har no teke konsekvensen av det. No er dei byrja å sende eigne folk til Polen for å luke ut bedragarane.

- Arbeidarane må gjennom ein praktisk prøve for å sjå om dei er kvalifiserte til jobben. Det viser seg at kring halvparten av dei som tek prøven ikkje klarer den, fortel dagleg leiar Rune Svardal.

- Kultur for svindel

Addeco er verdas største bemanningsselskap, og har lang erfaring med folk som kjøper falske dokument for å komme seg til Norge. Divisjonsdirektør for bygg og industri, Erling Kornkveen, seier det er lett å få tak i slike papir.

- Terskelen for å gjere dette er svært låg, og ein kan få kjøpt det meste. Dette er ein litt spesiell kultur og haldning som vi nordmenn er lite vane med.

- Stol ikkje på papira

Kornkveen rådar bedriftseigarar til å ikkje stole på fagbreva. For dei er ofte ikkje verdt meir enn papiret dei er skrive på. 

- Det beste er å stole på det ein ser i praksis, og ikkje det som står på papiret.