Hopp til innhold

Fagforbundet mistenkjer to personar for økonomisk utruskap

Fagforbundet har oppdaga det som truleg er økonomisk utruskap i to av sine fagforeiningar. To personar er førebels melde til politiet.

Solveig Løvik Norevik

MELDER: Fagforbundet Sogn og Fjordane har oppdaga det som kan vere økonomisk utruskap, seier Solveig Løvik Norevik.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Fylkesleiar Solveig Løvik Norevik seier til NRK.no at den moglege utruskapen vart oppdaga i løpet av dei siste to månadane.

Den første saka vart oppdaga ved årsskiftet. Den siste for kring tre veker sidan. Sakene vart politimelde siste døgnet.

– Det er eit faktum at mistankane er der og at sakene er politimelde. Vi tek slike hendingar på største alvor. Det er svært urovekkjande at slikt skjer, seier fylkesleiaren til NRK.no.

Ting stemde ikkje

Løvik Norevik vil ikkje gå nærare inn på kva av dei 26 fagforeiningane i organisasjonen mistanken blir knytt mot.

Det skal vere ein person i kvar av dei to fagforeiningane. Dei aktuelle personane har frivillig trekt seg ut av sine verv.

– Dette vart oppdaga ved vanleg rutinekontroll i samband med årsoppgjer, og rutinar vi har internt i fagforbundet. Det var ein del ting vi følte ikkje stemde, og sette oss meir grundig inn i dei aktuelle sakene, seier fylkesleiaren.

– Betydlege beløp

I tillegg til kommunevise fagforeiningar, er også ei eiga fagforeining knytt til Helse Førde mellom dei 26 foreiningane knytt til Fagforbundet Sogn og Fjordane.

Løvik Norevik vil ikkje kommentere kva beløp det er snakk om, men avviser at det er tale om mange hundre tusen kroner.

– Det er betydlege summar for dei fagforeiningar det gjeld, men eg vil ikkje seie kronebeløp her og no. Dette er under etterforsking og det kan jo dukke opp ting som vi ikkje har klart å sjå endå, seier ho.

Over 8.000 medlemer

Fagforbundet Sogn og Fjordane er ein av 19 fylkesorganisasjonar i Fagfobundet, og organiserte i 2010 vel 8.000 medlemer.

Medlemene arbeider i kommunale, fylkeskommunale og private verksemder, i helseføretak, i barnehagane og i kollektivtransporten.

Forbundet vart etablert 17. juni 2003 då Norsk Kommuneforbund og Norsk Helse- og Sosialforbund slo seg saman til eitt nytt storforbund. Fagforbundet er det største forbundet i landet med over 316.000 medlemer.