Hopp til innhold

Nesten ingen sorg-tiltak i Sogn og Fjordane er på nasjonal nettside

Nesten ingen tiltak mot sorg i Sogn og Fjordane er registrert på den nasjonale sida for sorggrupper. Sogndal og Luster er heiderlege unntak på lista.

sorggrupper.no

FÅ I FYLKET: Berre frå tre av kommunane her i fylket er det registrert tiltak på nettstaden sorggrupper.no.

Foto: sorggrupper.no

Nettsida sorggrupper.no skal vere eit lågterskeltilbod til etterlatne og pårørande som ønskjer å finne eit sorg-tilbod i sitt eige nærmiljø. Men her i fylket er knapt eit einaste tiltak tilgjengeleg.

– Det er litt vanskeleg å kome ut med denne typen tilbod, og vi ønskjer jo at flest mogleg sorggruppe-tilbydarar registrerer seg på sida. I tidlegare studier har vi sett at det er vanskeleg for dei som driv grupper å nå ut, og det er vanskeleg for etterlatne å måtte leite etter tilbod når dei går gjennom ei tung tid.

Det seier stipendiat Iren Johnsen ved Senter for krisepsykologi, som driv nettstaden på oppdrag frå styresmaktene. Ho vonar at fleire kommunar, også i Sogn og Fjordane, vil kome på bana og registrere sine tiltak på sida, som er gjort lett søkbar på Google.

Inviterer til samling for etterlatne

Kreftforeningen har registrert ei støttegruppe på sida, medan det berre er kyrkjekontora i Luster og Sogndal som bidreg med sorginformasjon for alle. I Luster er det diakon Orsi Szechey som driv det daglege sorgarbeidet.

– Sidan dette er ein mindre kommune, så har ikkje vi hatt det store behovet for å etablere sorggrupper. Då har vi sjølvsagt moglegheit til å lage grupper, men det har ikkje blitt til nokon realitet. Det vi da har gjort i staden for dei siste åra er å invitere til ei samling. Då inviterer vi alle pårørande, fortel Szechey til NRK.

Orsi Szechey

LUSTER: Orsi Szechey er diakon i Luster.

Foto: privat

Vil ha auka merksemd

Johnsen ved Senter for krisepsykologi meiner at organisert sorgarbeid er viktig for svært mange etterlatne, ikkje minst når det har skjedd dramatiske og traumatiske dødsfall.

– Vi ønskjer jo å auke merksemda rundt dette med sorggrupper, men også rundt sida vår, som vi meiner er eit godt hjelpemiddel for å etterlatne til å finne sorggrupper, seier Johnsen.

– Dette er folkehelse

Orsi Szechey i Luster er heilt samd, og meiner at fleire kommunar og tiltak må kome med informasjon, slik at pårørande veit kvar dei skal vende seg om dei har behov for hjelp.

– Det hadde jo vore veldig fint om ein sette meir fokus på dette. Men det viktigaste er jo at dette er eit flott førebyggjande tiltak. Det ville eg prioritert på folkehelselista til kommunane. Det handlar om å vere nær folk i ein vanskeleg situasjon, slår ho fast.