Hopp til innhold

Fleire etterletne i trippeldrapssaka er kritiske til måten dei er tekne hand om

Familiane til dei drepne i trippeldrapet i Årdal er frustrerte og svært kritiske til måten dei er tekne hand om etter tragedien den 4. november i fjor.

Minne om Margaret Molland Sanden

FRUSTRASJON: Dei etterletne etter dei drepne på Holsbru kjenner seg ikkje godt ivaretekne.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det seier bistandsadvokat Skjalg Jarnang til vg.no . Han har representert dei etterletne etter bussjåføren, Arve Kvernhaug.

– Dei har ein grunnleggande mistillit til systemet for dei etterletne. Slik skal det ikkje vere. Dei meiner dei har fått upresis og feilaktig informasjon, mangelfull varsling om utsegner i media, i tillegg har dei vore frustrerte over utsetting av straffesaka, seier Jarnang til avisa.

I går døydde den tiltalte i saka av skadane han fekk etter å ha hoppa frå eit tak i fengselet.

– Ikkje nok fokus

Dei etterletne etter Margaret Molland Sanden frå Årdalstangen har også negative opplevingar og kjenner at det ikkje har vore godt nok fokus på dei, seier bistandsadvokaten deira, Maria Kirkeeide Ravnå til vg.no.

– Dei har ulike erfaringar som ikkje berre har vore gode. Dei har opplevd at det ikkje alltid har vore tilstrekkeleg fokus på å ivareta dei som pårørande og etterletne.

Leif Waage, assisterande regiondirektør i Kriminalomsorgen vest, beklagar på det sterkaste at viktig informasjon til dei pårørande ikkje har nådd dei først.