Hopp til innhold

Etter sju månadar kan Jens sprette kaka - no har han fått bota si på nynorsk

Ein heil bunke med brev har det vorte. Men no har Jens Brekke fått førelegget sitt på nynorsk. I dag tek han turen i banken for å betale dei 7.000 kronene – med glede.

Jens Brekke med bota på nynorsk

GLAD: - Dette er stort, seier Jens Brekke, her med brevet frå politiadvokat Sissel Kleiven, på nynorsk.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg har jammen meg fått bota på nynorsk. Det er heilt utruleg. Eg står med hatten i handa og bukkar. Om ikkje det er som lyn frå klår himmel, så er det iallfall som lyn frå lettskya himmel å rekne, seier Brekke, som bur i Djuvik i Vik i Sogn.

Førelegget, som Brekke for lengst har vedteke, fekk han etter å ha mista kontroll over eit bål i mai i fjor. Det som skulle vere ein kjapp oppryddingsaksjon før sonen sin konfirmasjon, har i tillegg til å nær på gjere han huslaus, vorte ein ørkenvandring for å få bota på nynorsk.

Betalar med glede

Vikjen er klar på at pengane han skuldar statskassen no skal overførast så raskt som råd.

– Eg skal betale, med glede, for lauselden som eg laga til og som eg måtte ha hjelp til å sløkkje, seier Brekke, og viftar med brevet, signert politiadvokat Sissel Kleiven.

Men det har teke si tid. Brekke fekk førelegget i juli, men gav tidleg beskjed om at han ikkje ville betale førelegget før han fekk gebyret på nynorsk.

Statens innkrevjingssentral sende faktura på 7.000 kroner, kor på Brekke sende brev og forklarte at han ikkje ville betale før bota kom på nynorsk.

Etter fleire brev og purregebyr, vart Brekke varsla om tvangsinndriving. Men etter oppklarande brevutveksling synte innkrevjingssentralen forståing for problemstillinga, og svarte endåtil på nynorsk. Dei fjerna alle krav om purregebyr, så sant Brekke ville gjere opp for seg når han fekk bota på nynorsk.

I sju månedar har Jens Brekke i Vik nekta å betale ei bot, fordi bota ikkje var på nynorsk. Men på lørdag dumpa eit gledeleg brev ned i postkassa.

TV-sak frå Vestlandsrevyen. Reporter: Noralv Pedersen. Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / Elias Engevik. Redigering: Kyrkjebø Johansen.

Systemet lagar problem

Årsaka til at førelegg automatisk kjem på bokmål, er at datasystemet som politiet nyttar til å skrive ut førelegg, berre er på bokmål. Politidirektoratet er i gang med ei større IKT-omlegging, og lovar nytt system med begge målformer på plass i 2018.

Politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Sissel Kleiven, har tidlegare beklaga at dei ikkje har svart på breva til Brekke, og lova at ho skulle omsetje bota så snart ho hadde tid. Kleiven har tysdag vore i retten, så det har ikkje lukkast NRK å få kommentar frå henne i saka.

Politiinspektør Bjørn Larsen ved same etat, har derimot halde fast på at Brekke ikkje har hatt nokon rett på å få førelegget på nynorsk, og synt til ein uttale frå Sivilombodsmannen i ei liknande sak frå 1994. Her heiter det at rettargangsverksemd er eit område der mållova ikkje gjeld.

Har måtte prioritere straffesaker

Larsen er likevel glad for at saka no har fått eit punktum.

– Det er greitt å ha fått sendt han den nynorsk-versjonen som han har bedd om så lenge. Det har teke litt tid, men når vi må prioritere ganske hardt mellom straffesaker og å omsetje førelegg, så vert det slik, seier Larsen.

Bjørn Larsen

NYTT SYSTEM: Politiinspektør Bjørn Larsen påpeikar at det er Sivilombodsmannen sin uttale som gjeld. Men han ser fram til at datasystemet til politiet kjem på nynorsk i 2018.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Han understrekar likevel at Brekke ikkje har hatt rett til å få bota på nynorsk, og at politiet enn så lenge jobbar i eit bokmålssystem.

– Vi har framleis ikkje eit sakshandsamingssystem som gir oss moglegheit til å skrive ut førelegg på nynorsk, seier Larsen.

Politidirektoratet har varsla at politiet får nytt IKT-system innan 1. januar 2018. Det ønskjer Larsen velkommen.

– Vi er i eit nynorskfylke, og vi har på ingen måte noko i mot å gje ut juridiske dokument på nynorsk, seier Larsen.

Tykkjer saka løyste seg fort

Brekke legg ikkje skjul på at han var spent då han såg brevet med politiet sin logo på i postkassen.

– Eg merka at hjartebanken steig, og lurte på kva det er no. Men så var alt på nynorsk! Det er så flott, seier Brekke.

Saka har fått mykje merksemd både i media og på sosiale medium. Stortingspolitikar for Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, stilte justis- og beredskapsminister Anders Anundsen spørsmål om han kunne syte for at Brekke fekk både svar på nynorsk frå politiet, og bota si på nynorsk.

Sjølv tykkjer Brekke saka har løyst seg fort.

– Dette er i grunnen rekordfart. Eg har ikkje vore borti maken til fart, ler Brekke.

Feira med kake

BAKA: Brekke feirar nynorsk-bota med sjølvpynta kake. Sjølvsagt med både riksvåpen, paragraf-teikn og firkløveren til Senterpartiet.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Sist tok det åtte år

For det er ikkje første gong han har vore gjennom tolmodsprøvar i kamp for å få ting han bryr seg om på nynorsk. På 1980-talet fekk han ei fartsbot som han nekta å betale før han fekk ho på nynorsk. Det tok det åtte år å få til.

Då han vart tildelt vernedyktigheitsmedalje, tok det tre år før han fekk denne på nynorsk.

– Det er flott at dei har vilje til å snu seg rundt, rosar Brekke.

Han trur dette har mykje å betyr for nynorsken.

– Det betyr at språka er jamstilte. Og det skulle berre mangle. Det er staten som har sagt at det skal vere slik. Eg vil ha den rette som staten har gitt oss, seier Brekke.

Også Brekke ser fram til at politiet får på plass nytt datasystem i 2018.

– Då reknar eg det som sjølvsagt at nynorsk er med i systemet. Det burde det vore i dagens system også, seier Brekke.

Treng fleire som Jens

Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, er glad for at Brekke til slutt fekk bota si på nynorsk, sjølv om Sivilombodsmannen meiner han ikkje har rett til det.

Ho peikar på at det er systemet til politiet som er problemet.

– Saka syner først og fremst kor viktig mållova er for å sikre at vi som nynorskbrukarar får dei rettane vi har krav på. Brekke burde ha sloppe å styre med dette. Det burde vore sjølvsagt, seier Tennø.

Marit Aakre Tennø

TRENG FLEIRE: Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, seier målsaka treng fleire som Jens Brekke.

Foto: Pressefoto / Noregs Mållag

Ho peikar på at personar som Jens Brekke er svært viktige for målsaka.

– Dei fleste folk gidd ikkje klage på noko, og då fryktar eg at dei ikkje får ting dei har krav på på nynorsk, seier Tennø.

Ho er klar over at Sivilombodsmannen har uttalt at ein ikkje har krav på å få førelegg på nynorsk.

– Det som er viktig no, er at ein endrar systemet, seier Tennø.

No er sogningen Jens Brekke i krangel med påtalemakta igjen.