Hopp til innhold

Etablerte kriseteam etter lekkasje

Høgskulen i Sogndal sette kriseleiing etter ammoniakkutsleppet på Fosshaugane Campus. – Vi har ingen informasjon at nokon er skadde, seier Wenche Fjørtoft.

Wenche Fjørtoft, personaldirektør ved Høgskulen i Sogndal

KRISETEAM: Personaldirektør Wenche Fjørtoft seier Høgskulen følgde eigen beredskapsplan og oppretta kriseteam i den delen av Fosshaugane som kunne nyttast under evakueringa.

Mellom 150 og 200 personar er evakuerte i samband med gasslekkasjen i Sogndal.

Personaldirektør Wenche Fjørtoft ved Høgskulen seier dei raskt såg behovet for å etablere eit kriseteam i Fossbygget.

– Der kunne vi framleis opphalde oss og handtere situasjonen. Vi fekk raskt etablert eit studenttorg med telefonteneste slik at dei som ville ha informasjon hadde ein plass å vende seg, seier Fjørtoft.

Grei evakuering

Skulen har også publisert informasjon til både tilsette og studentar på nettsidene sine. Fjørtoft seier sjølve evakueringa gjekk greitt.

– Det var ikkje noko ubehageleg stemning av noko art, men det er klart at det kan vere dramatisk. Samstundes må vi stelle oss til dei retningslinjene for evakuering som vi har, og vente på den informasjonen vi får etter kvart som den blir tilgjengeleg, seier ho.

Under kontroll

Det er framleis uvisst når dei evakuerte får ta seg inn att på Fosshaugane Campus. Situasjonen er under kontroll, sjølv om ein ikkje har fått stogga lekkasjen.

Gassen som no siv ut blir blanda med vatn, noko som gjer den basisk.

– Denne gassen er slik at om du set vasståke på den, så går den til bakken og blir omdanna til salmiakk. Det kan vere etsande, men er ikkje farleg på same måte som ei gassky, seier fagleiar for brann, Olav Helge Ylvisåker.