Hopp til innhold

Erstattar kilometer med dårleg veg

Norges verste vegstrekning blir stadig betre, og om knappe to veker blir nesten ein kilometer av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Nordfjord erstatta med ein flunkande ny tunnel.

Agjeldstunnelen, nesten klar til opning

KLAR FOR OPNING: Agjeldstunnelen er snart klar for opning. Biletet er teke under byggjearbeidet.

Foto: Silje Guddal / NRK

Om du har køyrt der berre ein gong, ti eller hundre gonger, så har du heilt sikkert lagt merke til at vegstandarden på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik ikkje har vore den beste.

Vegstrekninga har tidlegare blitt kåra til «Norges verste vegstrekning», og det er utan tvil mange bilistar som opp gjennom åra har irritert seg kraftig på den smale og kronglete vegen langs Nordfjorden.

Men ting har blitt betre. Dei siste åra har bit for bit av vegen blitt utbetra, og dei siste to åra er det strekninga mellom Agjeld og Ugla som har fått gjennomgå.

Her blir ein del av vegen erstatta med tunnel, og no går det mot opning.

– Vi er no i sluttfasen, og har ein testperiode for å sikre oss at alt av tryggleiksutstyr fungerer som det skal før opning, fortel prosjektleiar i Statens vegvesen, Jon Harald Huseklepp.

(Artikkelen held fram under)

Om knappe to veker skal Agjeldstunnelen på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Stryn kommune opnast. Dermed blir endå ei ny strekning på den svært så omtalte vegen erstatta med god veg. Vi fekk vere med på ein prøvetur gjennom den nye tunnelen.

PRØVETUR: Bli med prosjektleiar Jon Harald Huseklepp på ein prøvetur gjennom den nye Agjeldstunnelen. FOTO: Silje Guddal.

Gjennomgår no nokre siste testar

Etter snart to år med arbeid er det ein stolt prosjektleiar som viser NRK gjennom den nye tunnelen langs Nordfjorden. Det meste er no på plass, men enno er det nokre småting att før vanlege folk får ta turen.

Ny veg i samband med bygginga av Agjeldstunnelen på fylkesveg 60

NY VEG: Ein del av den nye vegen går også ute i dagen, på begge sider av Agjeldstunnelen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Om uhellet skulle vere ute i tunnelen er det Vegtrafikksentralen som får den første meldinga. Vi må vere trygge på at all kommunikasjon mellom sentralen og tunnelen går som det skal, og det er dette vi no testar, fortel Huseklepp.

Vegvesenet har også gjennomført brannøving med Stryn brannvesen, og prosjektleiaren seier viftene fungerte som dei skulle.

– Det var ganske mange bildekk og diesel som vart fyrt på her inne, men etter sju minutt var all røyk ute.

50-sone i starten

Arbeidet med Agjeldstunnelen starta opp i august 2012. Den gong var namnet Agjeldtunnelen, utan S, men når den no står ferdig er namnet altså blitt utvida med ein bokstav i midten.

I tillegg til testinga av det tekniske utstyret står det framleis att ting som til dømes rekkverk på begge sider av tunnelen.

– I starten vil det vere 50-sone her, og eg vil oppmode alle om å halde seg til det. Det er folk som skal jobbe her, og det siste laget av asfalt blir ikkje lagt før i slutten av juni, fortel Huseklepp.

(Artikkelen held fram under)

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen fortel om Agjeldstunnelen, tunnelen som snart blir opna på fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik i Nordfjord.

GLER SEG: Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp i Statens vegvesen gler seg til opninga av Agjeldstunnelen. FOTO: Silje Guddal.

– Dette blir stor stas for trafikantane

Spesielt om sommaren har det vore mykje trøbbel på fylkesvegen mellom Olden og Innvik. Det er mange turistar som tek turen, og kombinasjonen av bubilar, campingvogner og tungtrafikk har for mange betydd venting når køyretøya skal snirkle seg forbi kvarandre.

Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp har tidlegare gitt uttrykk for at trafikantane vil merke det når Agjeldstunnelen er på plass, og no gler han seg til å overlevere ein splitter ny tunnel.

– Tunnelen er 950 meter lang, der ca. 55 meter av tunnelen er støypt betongportal. Totalt har prosjektet ein kostnad på 174 millionar kroner, der grunnerverv, prosjektering, ja, absolutt alt er inkludert.

Han seier det alltid er godt å bli ferdig med eit prosjekt.

– Dette blir stor stas for trafikantane. Spesielt for innbyggjarane her i distriktet som brukar vegen til dagleg. No veit dei at dei får ein veg der dei kan køyre i 80 km/t, og slepp stoppe for møtande trafikk og slike ting, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Olden-Innvik - kåra til Norges verste veg

IKKJE LENGER NORGES VERSTE? Fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik vart for nokre år sidan kåra til 'Norges verste veg'. Med ny tunnel klar for opning kan det hende skiltet ikkje verkar like passande lenger?

Foto: Silje Guddal / NRK

Må kanskje ta ned skiltet?

Ikkje langt frå den eine enden av Agjeldstunnelen heng det i dag eit brunt skilt med påskrifta« Norges verste veg». At det skal henge akkurat der meiner Huseklepp no blir litt unødvendig.

– Eg vil oppmode om at det som heng der blir teke ned, for det er jo ikkje vits å ha det ståande lenger, smiler mannen som har vore ansvarleg for den nye tunnelen.

Gjennomslag på Agjeldtunnelen

1001 KILO DYNAMITT: Det vart laga til ei sprengladning på like over eit tonn då siste salven i Agjeldstunnelen gjekk av i januar 2013.

Foto: Arne Vik