Hopp til innhold

Aldri før har så mange søkt om erstatning etter avlingstap

I Sogn og Fjordane har 170 bønder søkt om erstatning etter avlingssvikt i 2013.

Vanskeleg tid for bøndene

ERSTATNING ETTER AVLINGSTAP: Mange bønder i Sogn og Fjordane fekk for dårlege avlingar i år og måtte difor kjøpe fôr. No har mange av desse bøndene søkt om erstatning etter avlingssvikt.

Foto: Tale Hauso

– Aldri før har så mange søkt om erstatning som i år, seier assisterande landbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær.

170 bønder har søkt om erstatning etter avlingssvikt i 2013. Det er Jølster, Førde og Naustdal som har dei største tapa på gras. For frukt og bær er det Lærdal, Vik og Stryn som har dei største tapa.

– Vi trur no at den samla erstatninga vil kome opp mot 8 millionar kroner, seier han.

Bjørn Harald Haugsvær

SØKNADER: Bjørn Harald Haugsvær har mottatt 170 søknader om erstatning etter avlingssvikt i år.

Foto: Tale Hauso

Dette er fem millionar meir enn i 2011 då det også var store avlingstap i Sogn og Fjordane. Då fekk dei inn 132 søknader.

Avlingstap

Den harde vinteren og dårlege sumaren har ført til desse høge tala på søknader. Bøndene har mista ein god del av inntekta si fordi dei ikkje fekk hausta graset, og fekk ikkje nok frukt og bær som dei kunne selje.

Det er kome inn 45 søknader om erstatning på avlingstap innan bringebær og jordbær. Her er det mange med store produksjonar og som har rett på store erstatningar.

Bøndene må sjølv dekkje 30 prosent av tapa i høve til eit normalår. Det tyder at dei som har fått meir enn 70 prosent av avlinga ikkje får noko erstatning. Det er såleis berre bønder med svært store avlingstap som får erstatning.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Søknader på erstatning etter avlingstap

Kommune

 

Grovfôr

Frukt

Bær

Honning

Flora

 

1

 

 

 

Vik

 

 

 

10

 

Balestrand

 

1

 

 

 

Sogndal

 

4

3

 

 

Aurland

 

 

1

 

 

Lærdal

 

2

 

12

1

Luster

 

3

 

5

 

Fjaler

 

9

 

 

 

Gaular

 

14

 

 

 

Jølster

 

23

 

 

 

Førde

 

22

 

 

 

Naustdal

 

21

 

 

 

Eid

 

1

 

1

 

Horningdal

 

15

 

 

 

Gloppen

 

3

1

6

 

Stryn

 

 

 

11

 

Sum fylket

 

119

5

45

1

Ekspander/minimer faktaboks

Behov for pengar

Sidan Landbruksmannen i Sogn og Fjordane har følgt med korleis det har vore i fylket gjennom året, så var ikkje dette uventa.

Vi har difor varsla Landbruksdepartementet og Statens Landbruksforvaltning om at det er behov for pengar, slik at vi kan behandla søknadane fortløpande sånn at bøndene skal få den krisehjelpa dei trenger, seier Haugsvær.

Rekordhøge tal

Avlingsnivået i Sogn og Fjordane ligg i 2013 langt under det som er normalt og det har kome rekordmange søknader

– Vi synest at det er eit veldig stort tal og vi har aldri hatt så mange søknader før. I 2011 var det eit vanskeleg år med 132 søknader, medan i år er det heile 170.

Haugsvær håper at bøndene slepper å oppleve eit slikt år igjen.

– No håper vi berre på ein grei vinter og ein god vår sånn at bøndene får gode avlingar og normale inntekter igjen. For dette røyner på likviditeten og tolmoda til bøndene.

– Kva har dette å seie for bøndene?

Fornying av eng etter vinterskade på Byrkjelo

FØR OG ETTER: Fornying av eng etter vinterskade på Byrkjelo.

Foto: Fylkesmannen/Sogn og Fjordane

– Dei må bruke endå meir pengar på å kjøpe fôr til dyra sine, medan andre må innstilla investeringane fordi dei ikkje har nok pengar til å investere for. Så dette får konkrete påverknader på drifta.

4,75 mill for vinterskade

NRK.no har tidlegare informert om at Fylkesmannen måtte utbetale heile 4,75 millionar kroner til 308 gardsbruk i Sogn og Fjordane som måtte reparere enga si etter vinterskade i år.