Hopp til innhold

Fagmiljøet kranglar om hjelpa Erlend (14) fekk er den rette

Kring 500 pasientar blir no behandla ved omstridde Norsk Borreliosesenter i Nydalen. Erlend Hallaren (14) frå Luster meiner behandlinga her gjorde han frisk då helsevesenet ikkje trudde på han.

Mange pasientar med langvarige, kronsike smerter meiner helsevesenet ikkje trur på dei. Fleire av dei som føler dei ikkje får hjelp søkjer heller behandling hjå Norsk Borreliosesenter i Nydalen. Men det private senteret er svært omstridt.

SJÅ TV-SAK: Erlend Hallaren og mor Eva fortvila over situasjonen til dei meiner dei fekk hjelp ved Norsk Borreliosesenter.

14-åringen frå Solvorn gjekk i lang tid med store uforklarlege smerter.

– Eg berre låg der. Det gjekk liksom ikkje an å gjere noko liksom. Det var fryst på ein måte, fortel Erlend Hallaren.

– Ikkje vitskap

Lustringen er byrja å komme seg til hektene, og meiner hjelpa frå Dr. Rolf Luneng hos Norsk Borreliosesenter var avgjerande. I dag gjer kring 500 personar som Hallaren, og får behandling ved senteret i Nydalen.

Dag Tveitnes, overlege Stavanger Universitetssykehus

KRITISK: Dag Tveitnes er overlege ved Stavanger Universitetssykehus.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei meiner norsk helsevesen ikkje trur på dei når dei fortel om langvarige kroniske smerter og fryktar flåttsjukdomen Borreliose. Men hjelpa senteret gir, er omstridd. Ikkje minst på grunn av knallharde antibiotikakurar.

– Eg tenkjer at Luneng sin praksis ikkje er bygd på vitskap, seier overlege Dag Tveitnes ved Stavanger Universitetssykehus.

– Får feil behandling

Innan det norske fagmiljøet er det delte meiningar om behandlingsmetodane og kriteria som blir lagt til grunn når borreliosesenteret slår fast den frykta flåttsjukdomen.

Tveitnes er mellom mange som stiller kritiske spørsmål til Dr. Luneng og senteret.

– Eg er veldig redd for at veldig mange pasientar har alvorleg sjukdom, har kroniske plager som har heilt andre årsaker enn det han konkluderer med. Eg trur ikkje at dei fleste av dei han behandlar får den beste behandlinga dei kan få på borreliosesenteret, seier Tveitnes.

Kronisk borreliose

Sjølv hevdar Dr. Luneng at senteret sine diagnosar blir stilt etter ein grundigare undersøking enn det norsk helsevesen legg til grunn. Han seier dei legg til grunn både testar og testresultat, samt heile sjukehistoria til pasienten.

Han meiner flåttbit kan føre til ein kronisk borreliose og at dei slik sett tek på alvor ein mogeleg kronisk sjukdom som det norske helsevesenet ikkje vurderer i same grad.

  • LES OGSÅ:

– Det å halde seg til desse pasientane som kronisk sjuke, på grunn av ein kronisk aktiv infeksjon har vi aldri tenkt før i Norge, seier Luneng.

Viste ikkje flåttsjukdom

I Sogn meiner Erlend og mor hans at denne tankegongen og undersøkinga har hjelpt. Som villmarkskongen Lars Monsen, er 14-åringen er byrja å fungere att etter å ha søkt borreliosesenteret om hjelp.

– Han var så sjuk at det var ein heilt utruleg situasjon å vere i. Vi skjønte at det her måtte det vere borreliose og flått. Det var jo alle symptom på det, seier mor Eva.

Testane som vart gjort av guten kunne ikkje vise noko flåttsjukdom. I staden vart guten tilvist til psykiatrisk behandling.

Overtydd om hjelp

– Altså, det rimar no ikkje i det heile tatt. Psykiateren sa at det var kontrollerte avsvimingar, så han skulle behandlast for skulevegring. Vi vart heilt mållause, held mor fram.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rolf Luneng, doktor ved Norsk Borreliosesenter

OMSTRIDD: Mange har søkt Rolf Luneng om hjelp når helsevesenet ikkje har trudd på dei.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dermed tok dei kontakt med Norsk Borreliosesenter og vart sett på ein langvarig antibiotikakur. Etter kvart vart Erlend både betre og dårlegare om ein annan, før familien no meiner at behandlinga til Dr. Luneng har fungert.

– Utan han, og langvarig antibiotikabehandling, så er eg overtydd om at Erlend ikkje ville ha levd, seier Eva Hallaren.

Tilsynssak mot Luneng

Etter uromeldingar er denne behandlingsmetoden til Dr. Luneng no blitt tilsynssak hos Statens helsetilsyn. Utstrakt bruk av antibiotika kan gje antibiotikaresistens.

Sjølv vedgår legen at antibiotika ikkje alltid vil hjelpe.

– Det kan ein aldri vere trygg på. Difor plar eg ofte å seie til pasientane; at vi må prøve behandling for vi veit ikkje på førehand om du kjem til å respondere og kor godt du vil respondere. Også toleranse for behandlinga av medikament er ein viktig faktor her, seier Dr. Luneng.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erlend Hallaren

BETRING: Erlend Hallaren meiner hjelpa han har fått hos Norsk Borreliosesenter er i ferd med å gje han livet tilbake etter borrelia.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Blir ikkje trudde

– Gjeldande retningslinje for behandling er laga for behandling av akutt sjuke som får borreliasmitte, men det er framleis ikkje laga retningsline for behandling av kronisk sjuke borreliapasientar. Og det er desse kronisk sjuke vi behandlar, legg Luneng til.

Medan fagfolket diskuterer, er det framleis ei gruppe i landet som opplever å ikkje bli tekne på alvor av norsk helsevesen.

– Det var verste å ikkje bli trudde av legane. Eg skjønte at eg var sjuk. Det var ikkje noko psykisk i vegen med meg. Likevel glodde dei på meg, seier Erlend.