Hopp til innhold

Fryktar sommartemperatur og snøsmelting - er budde på storflaum

Aurland kommune har høg beredskap med tanke på ein komande storflaum.

Flåmselvi sine herjingar

REDD FOR REPRISE: Slik såg Flåmselvi ut 29. oktober. Enno er ikkje alt sikringsarbeidet gjort, og Aurland kommune har høg beredskap med tanke på snøsmeltinga som snart skyt fart.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Enno står mykje arbeid att med å sikre Flåmselvi etter flaumskadane 28. oktober. Ordførar Noralv Distad seier dei er budde på at det kan bli nye skadar.

– Vårflaumen har ikkje starta for fullt enno, og då blir det stor vassføring i elva gjennom heile sommaren, det er heilt sikkert. Og då er vi sårbare dersom det blir ekstra nedbørsmengder i periodar. Då blir det hardt press mot førebyggingane som er lagt.

Noralv Distad

– VI ER SÅRBARE: Ordførar Noralv Distad i Aurland.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Står att mykje sikringsarbeid

Det er store snømengder i fjellet. Til no har låge temperaturar gjort at lite av dette har smelta. Dersom det snart blir sommartemperaturar kan det kombinert med nedbør føre til at Flåmselvi igjen går over breiddene og gjer skade på sin veg mot Aurlandsfjorden.

Sidan flaumen 28. oktober er det gjort mykje for å sikre elva, men enno står mykje att. Først i 2016 er alt arbeidet gjort, og ordføraren håpar at NVE gjer noko veldig fort på nokre utsette stader.

– Det er eitt konkret punkt ved Steinshølen, der ligg elva nær inntil kommunal veg, og Flåmsbana ligg heller ikkje langt unna. Det er eit sårbart punkt, og der håpar vi at det blir gjort noko kjapt.

Brigt Samdal

HÅPAR DET ER SIKRA NOK: Regionsjef Brigt Samdal i NVE.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Naturen lever sitt eige liv

Regionsjef Brigt Samdal i NVE seier at dei vil prøve å få gjort dette arbeidet så fort som råd er. Han seier at dersom det ikkje blir ekstreme vêrtilhøve framover skal dei sikringstiltaka som er gjort vere nok til å møte vårflaumen.

– Vi har gjennom vinteren jobba med sikte på at vi skulle få sikra opp til eit visst nivå som forhåpentlegvis skal vere tilstrekkeleg til å møte ein vårflaum. Men naturen lever sitt eige liv, og vi er avhengige av å sjå korleis det blir framover med tanke på temperaturstigning og eventuell nedbør samtidig. Det kan gje ein større flaum enn normalt.

Sikringsarbeid i Flåm

I DAG: Biletet syner sikringsarbeidet som er gjort til no i Flåmselvi.

Foto: Noralv Distad

– Fæl oppleving

Aurland kommune vil halde høg beredskap framover, både med tanke på mannskap og maskinar i tilfelle Flåmselvi igjen viser dei ville kreftene som tok med seg hus den 28. oktober. Mest av alt håpar ordførar Noralv Distad på ei jamn snøsmelting over ein lengre periode.

– Det blir høg vassføring, og det trur eg elva vil tole med det sikringsarbeidet som er gjort, og så håpar vi inderleg at det ikkje blir noko ekstremvêr i sommar og haust. Det var ei fæl oppleving det som skjedde sist haust, no skal vi byggje opp att og gjere samfunnet tryggare. Vi håpar vi får gjere det under gode vêrtilhøve.

Laster innhold, vennligst vent..

Høg beredskap

Dersom det skulle bli skadeflaum, har Aurland kommune høg beredskap, seier ordførar Noralv Distad.

– Vi har gått gjennom vaktlister, og vi syter for at vi har tilstrekkeleg med maskinar og utstyr tilgjengeleg gjennom heile sommaren. Det er ikkje fordi vi vurderer det som ein farleg situasjon, men vi tek beredskapen på alvor og er godt budde dersom noko skulle skje.

Ryddeaksjon i Flåm

OPPRYDDING: I vinter var folk med på ryddedugnad etter flaumen 28. oktober.

Foto: Rune Fossum / NRK