Hopp til innhold

Er på radaren til klubbar i inn- og utland

SOGNDAL (NRK): Berre eit spørsmål om tid før Babacar Sarr spelar for ein større klubb, trur Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Babacar Sarr og Christophe Psyche i disputt med dommaren

HADDE ROSENBORG I KNE: Sogndal med Babacar Sarr (t.v.) på midtbana var ikkje langt unna å ta sin tredje siger mot Rosenborg, men fekk det tøft med ein mann i undertal. Her er midtbanespelaren saman med Christophe Psyche i disputt med dommaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Baba viste mot Norges beste lag at han har potensial til å bli ein av dei beste spelarane i Norge. Eg meiner han kanskje allereie er den beste sentrale midtbanespelaren, seier Bakke.

Babacar Sarr har vore ein av dei aller viktigaste spelarane for Sogndal etter at Eirik Bakke tok over skuta framfor fjorårssesongen. Midtbanespelaren frå Senegal er blant dei første trenaren tek ut når han set opp startellevaren sin.

– Han har vore ein bauta sidan han tok sitt første spark på ballen for oss. Han tek nye steg heile tida. No er han kanskje den viktigaste spelaren vår, seier trenaren.

Vil bli best i serien – og komme seg til storklubb

Sarr spelte ein sentral rolle då Sogndal søndag heldt på å senke Rosenborg på heimebane. Først sette han inn leiarmålet. Deretter regjerte han på midtbana heilt fram til Hannu Patronen vart utvist. Så gjorde han manns jobb i midtforsvaret.

– Slike kampar motiverer meg. Men det kjem ikkje til å stoppe her. Eg skal jobbe mot målet mitt om å bli den beste spelaren i eliteserien, seier Sarr.

Han har kontrakt med Sogndal fram til sommaren 2017. Men 25-åringen har ambisjonar langt utover den norske serien.

– Eg vil til den beste ligaen i verda. Men no er eg i Sogndal, og eg fokuserer på denne ligaen til sesongen er over. Så ser vi kva som skjer, seier Sarr.

Han legg til:

– Her får eg tillit av trenaren, og det har gitt meg sjølvtillit.

Eirik Bakke dirigerer troppene frå sidelinja

VIKTIG FOR LAGET: Eirik Bakke er klar på at Babacar Sarr er ein av dei viktigaste på laget. Han har teke steget frå 1. divisjon på ein overtydande måte, meiner trenaren.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Veit mange klubbar følgjer med på han

Under Eirik Bakke spelte Babacar Sarr heile 29 kampar frå start i 1. divisjon. Berre dommarane sine kortstokkar hindra midtbanespelaren i å spele alle kampane. Han vart kåra til den beste spelaren i divisjonen.

Til no denne sesongen har han starta alle kampane i eliteserien.

– Vi har mange andre viktige spelarar også, men Baba har vore med frå første spark. Vi har bygd han opp til den spelaren han er. Men han har ein del å gå på spelemessig også, mellom anna må han luke bort ein del balltap, seier Bakke.

– Kor lenge blir han i Sogndal?

– Eg håpar alle spelarane våre er aktuelle for andre klubbar. Det er slik vi driv her i Sogndal. Det er viktig at slike typar får komme seg vidare, og eg veit det er mange klubbar både i Norge og i utlandet som følgjer med på han, seier Bakke.

– Han kjem til å spele for ein større klubb. Det er berre eit spørsmål om tid, seier trenaren.