Hopp til innhold

Er middelaldrande - alt anna er feil

Ordførar Ivar Kvalen (Sp) ristar oppgitt på hovudet over det Frank Willy Djuvik (Frp) sa på eit debattmøte i Florø onsdag.

Ivar Kvalen

– TRIST OG LEITT: Ordførar Ivar Kvalen (Sp) meiner Djuvik tek feil i det meste han sa.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Vallogo

Debatten gjekk direkte i lokalsendinga til NRK Sogn og Fjordane. Temaet var kommunereforma, og då kom Djuvik med denne breisida mot politikarane i Luster, som ikkje vil ha samanslåing med andre kommunar:

I Luster sit det ein heil masse veldig middelaldrande menn med skjegg som ikkje tenker på framtida, men kortsiktig på sine eigne behov.

Her kan du høyre det Djuvik sa:

Olve Grotle, Gunnhild Berge Stang og Frank Willy Djuvik

DEBATT DIREKTE I RADIO: Frank Willy Djuvik (Frp) til høgre, saman med Gunhild Berge Stang (V) og Olve Grotle (H).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Så feil som det kan bli

Kvalen var ikkje til stades i Florø og fekk ikkje høyrt debatten, men han har fått referert det Djuvik sa.

– Dette var sikkert sagt i ein oppheta situasjon med mykje publikum rundt. Eg synest det er trist og leitt at ein såpass profilert fylkespolitikar kjem med så feilaktige karakteristikkar av andre.

– Kva er det som er feil?

– Eg kan nok definerast som middelaldrande, men at vi er ein gjeng som tenker berre på oss sjølve er så feil som det kan bli. Vi er opptekne av å utvikle lustrasamfunnet til det beste for dei som bur her. Og så har vi eit ungt kommunestyre i Luster, det er vel det yngste nokon gong.

– Og skjegg har iallfall ikkje du?

– Nei, eg prøver å barbere meg kvar morgon.

Ivar Kvalen konstaterer at han og Frank Willy Djuvik ikkje er på linje i spørsmålet om kommunesamanslåing.

– Eg lever godt med at vi er usamde om måten regjeringa har lagt opp kommunereformløpet på. Eg meiner at ein god del av det regjeringa legg opp til er feil, og prosessen har vore dårleg.

– Arne Johannessen bør kjenne seg treft

Frank Willy Djuvik seier Kvalen har rett i at det han sa var ei spissformulering i ein oppheta debatt.

– Men realiteten er den same. Ikkje berre Luster, men mange andre kommunar har politikarar som ikkje tek innover seg dei framtidige behova for tverrfaglege, spesialiserte tenester. Dei tenker heller på kortsiktige politiske gevinstar.

Arne Johannessen

HAR SKJEGG: Arne Johannessen (Ap).

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Når Djuvik i debatten snakka om «middelaldrande menn med skjegg» var det ikkje Ivar Kvalen han sikta til.

– Av politikarane i Luster kjenner eg berre til Arne Johannessen med skjegg. Han bør absolutt kjenne seg treft.

– Til å le av

Arne Johannessen er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Luster, men er ikkje med i kommunestyret i inneverande periode og har følgjeleg ikkje vore med på dei vedtaka som er gjort om kommunereforma. Dermed meiner han at Djuvik bommar litt på målet.

– Som ofte før bommar han. Men eg ser på det han sa som ei morosam utsegn som berre er til å le av. Eg skjønte fort at eg var i søkelyset, eg har skjegg, og eg er middelaldrande.

Men han gir Djuvik rett i at Johannessen og Arbeidarpartiet i Luster har teke eit standpunkt mot kommunesamanslåing.

– Vi meiner det er best for innbyggjarane i Luster at kommunen ikkje blir slegen saman med andre. Men det betyr ikkje at vi er oss sjølve nok. Vi vil samhandle meir med nabokommunane.

Ernst Veum

– DJUVIK BØR IKKJE BLANDE SEG: Kommunestyremedlem Ernst Veum (Frp).

Foto: NRK / NRK

– Sleivete av Djuvik

Når det gjeld kritikken av politikarane i Luster får Djuvik heller ikkje mykje støtte frå sin eigen partifelle i kommunestyret, Ernst Veum.

– Dette var ei sleivete bemerkning som eg trur han angrar på etterpå. I Luster er det brei semje om kommunereforma, med litt nyansar for Høgre og Frp. Det er lustringane og ikkje Djuvik som skal ta stilling til framtida for kommunen, han bør ikkje blande seg. Frp i Luster har sitt eige opplegg, uavhengig av kva Frank Willy måtte meine, seier Veum.