Hopp til innhold

Produktivitetsrapporten overraskar ikkje næringsdirektøren

– Vi må ta rapporten på alvor også her, seier fylkesdirektør for Næring, Jan Heggheim, om rapporten som slår fast at byane står for - og skal stå for - den største produktiviteten.

Jan Heggheim, fylkesdirektør næringsavdelinga, Sogn og Fjordane Fylkeskommune

ALVOR: Fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, ser ikkje på produktivitetsrapporten som ein ny sentraliseringsrapport. – Folk flyttar frå utkantane til kommunesentra også her i fylket. Eg trur vi må ta det alvolreg også her, sjå på den med nøkternt blikk og nyttegjere oss av dei data som kjem fram, seier han.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Økonomiprofessor Jørn Rattsø ved NTNU overrekte i dag prouktivitetskommisjonen sin første rapport om tilstanden til norsk økonomi.

Produktivitetskommisjonen

OVERREKKJER: Kommisjonsleiar Jørn Rattsø overrekkjer rapporten til finansminister Siv Jensen (Frp).

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

No skal finansminister Siv Jensen gå den 555 sider lange rapporten nærare i saumane og sjå på korleis norsk økonomi kan auke produktiviteten.

– Mykje er bra, men det er store moglegheiter til forbetring, seier utvalsleiar Rattsø til Aftenposten.

Drøymer om akademia

For dei siste åra har ikkje auken i produktiviteten vore all verda. Rattsø konkluderer mellom anna med at det er slark i kunnskapsproduksjonen på alle nivå, og at ein bør ha betre kopling mellom utdanning, forskning og næringsliv.

Monica Mæland

RETT VEG: Næringsminister Monica Mæland (H) meiner det er naudsynt å ta tak i produktivitetsutviklinga i Norge. – Lønnsutviklinga har gått ein veg, produktivitetsveksten ein annan veg. Det kan ikkje halde fram, seier ho.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Det er ein draum fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, deler.

– Draumen hadde vore å fått meir akademia inn i bedriftsstyra til dømes, slik at desse knytningane kunne blitt tettare mellom forsking, høgare utdanning, næring og ikkje minst offentleg forvaltning, seier han og meiner er fullt mogleg å få til i Sogn og Fjordane.

Må trekkje lærdom

Heggheim presiserer at han ikkje har lese heile rapporten, men er ikkje overraska over det som kjem fram. Han meiner at ein bør sjå etter kva som kan gjere oss betre.

Næringsdirektøren meiner by og land må spele på lag, og viser mellom anna til elkrafta som blir produsert, fisken som blir ala opp og landbruksprodukta som kjem frå fylket.

– For ein ting er finansøkonomien og det som føregår i byane. Det andre er realøkonomien, det som baserer seg på ein reell ressurs, som vi har ganske mykje av. Vi må ikkje gjere det slik at dei ressursane ikkje blir nyttegjort, seier han.

Vil ha lys i husa

Jan Geir Solheim

OMSTILLING: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) meiner kommunane må omstille seg og bli betre på det ein er gode på.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim (Sp), er derimot ikkje samd i at det er storbyane som skal vere den økonomiske motoren. Han meiner det er opp til småkommunane å gjere seg attraktive for tilflyttarar og arbeidsplassar.

Derimot er han samd i at det vil krevje ein god dose politisk brutalitet for å få forslaget igjennom, som Rattsø seier.

– Så er det slik at eg ikkje ynskjer noko nytt Sverige i Norge, der bygdene er fråflytta og det ikkje er lys i husa. Vi skal vere det motsette landet og vise at smått også virker og er godt. Vi er veldig gode på å vere små men gode i Sogn og Fjordane, seier han.