Hopp til innhold

Er folk i Høyanger noregsmeistrar i kallenamn?

Det spørsmålet prøver programleiar Gøril Grov Sørdal å finne svar på når ho i kveldens episode av NRK-programmet Nomino besøker industrisamfunnet i Sogn.

Nomino og programleiar Gøril Grov Sørdal i Høyanger

KALLENAMN: I Høyanger har nesten alle kallenamn. I kveldens episode av Nomino prøver programleiar Gøril Grov Sørdal (sitjande på kne) å finne svar på korleis slike namn oppstår.

Foto: NRK

I industribygda Høyanger vrimlar det nemleg av kallenamn. Kanskje har du høyrt om karen frå bygda som visste så mykje at han vart kalla «Leksikonet»? Då han fekk to gutar vart dei kalla «Lommeleksikonet» og «Sjuande sans»?

Nomino er NRK sin nye serie om namn, der Gøril Grov Sørdal over åtte episodar prøvar å finne svar på kva eit namn eigentleg er. Kvifor har vi namn, kva brukar vi dei til og kva betyr dei for oss?

I episode tre er kallenamn tema, og det var då heilt naturleg å ta turen til nettopp Høyanger. Industrikommunen er ein av plassane i landet med flest kallenamn. Bjarne Norevik har samla inn og systematisert heile 3000 av dei.

– Eg visste at det var mange namn, men ikkje at det var så mange, og ikkje at det var så variert, har han tidlegare sagt til NRK.no.

I kveldens episode prøvar vi å finne svar på korleis kallenamn oppstår, og kvifor det nokre stader er så mange av dei.

Du kan sjå programmet direkte på NRK1 klokka 20.25 eller i nett-TV her.

I andre episode handla det mellom anna om Tia Louise og William i Florø som har fått namna sine etter faren sin store lidenskap, fotballaget Liverpool.