Hopp til innhold

Viste fram morgondagens redningshelt

Ein av Sea King sine mogelege arvtakar frå 2016 vart i dag introdusert for fiskarar, redningspersonell, lokalpolitikarar og andre interessentar under ein seanse i Florø.

Arvtakaren til redningshelikopteret Sea King vart måndag 11. februar presentert på basen i Florø.

SJÅ: Sea King sin arvtakar, Sikorsky, vitja Florø måndag.

Med sine 17 meter er Sikorsky S-92 berre ein desimeter på å vere på storleik med Sea King.

Men der skil også redningshelten seg frå dagens redningshelikopter. For det er ikkje berre på storleiken den slår forgjengaren sin ned i støvlane.

– I første rekkje skil den seg ut på rekkjevidda. Den har nesten dobbel så lang rekkjevidd som dagens Sea King. For det andre flyg den vesentleg raskare, fortel Ivar Eie, som er produsenten sin direktør for forretningsutvikling i Scandinavia.

Når 1.485 kilometer

Med ein marsjfart på 280 km/t, ein maksfart på 306 km/t og ei rekkjevidd på 864 km med 30 minutts reservedrivstoff, var det ein også ein romslegare kraftplugg som vart vist fram i kystbyen i dag.

Ivar Eie

VISTE FRAM: Ivar Eie.

Foto: Birger Meland / NRK

Ein kan føye til at med ekstratankar og 30 minuttar reservedrivstoff, kan maskinen nå 1.485 kilometer.

– Vi trur at dei to første blir levert i 2016, og deretter kjem maskinene fortløpande til vi i 2020 har fått fornya dei seks basane i landet. Vi snakkar 16 helikopter i første omgang, seier Eie.

16,4 milliardar kroner

Totalprisen på 16,4 milliardar norske kroner omfattar ikkje berre dei nye helikoptera. Også alt vedlikehald, service, utdanning av pilotar og eventuell ombygging og bygging av nye landingsplassar ved sjukehus er med i den framforhandla prisen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sikorsky

COCKPIT: Sikorsky S-92 sett frå cockpit.

Foto: Birger Meland / NRK

– Kva basar får maskinen først?

– Det er vanskeleg for meg å seie, det er det nok Forsvaret som avgjer, seier Eie.

Pre-kvalifisert

Men det er ikkje avgjort at det er Sikorsky som skal ta over redningsoppdraga når Sea King-helikoptera blir takka av. For Sikorsky S-92 er berre ein av kandidatane.

Sikorsky

KRAFTPLUGG: S-92 er på storleik med ein Sea King, men er langt større på fleire område.

Foto: Birger Meland / NRK

Produsenten var ein av fire leverandørar som var prekvalifisert for å kunne gje tilbod på levering av nye redningshelikopter.

Kontrakten om eventuelt kjøp er varsla signert i september.

33.000 oppdrag

Helikopteret er bygt av amerikanske Sikorsky Aircraft Corporation, som etter 90 år har opererer i 76 land – og har 17.000 tilsette.

Sea King maskinene, som har vore trufaste slitarar sidan 1972, vart i si tid bygt av engelske Westland, på lisens frå Sikorsky.

Redningstenesta disponerer i dag 12 slike Sea King-maskiner som samla har gjennomført 33.000 oppdrag og berga eller assistert meir enn 35.000 menneske.